110 år sidan Ingebjørg L. Ølnes vart fødd

110 år sidan Ingebjørg L. Ølnes vart fødd

Ingebjørg L. Ølnes ved skrivebordet på kontoret til Norges Bondekvinnelag
Ingebjørg L. Ølnes ved skrivebordet på kontoret til Norges Bondekvinnelag
Fylkesarkivet har i desse dagar fått inn arkivmateriale frå Sogn og Fjordane Bondekvinnelag.

Under gjennomgang av materialet har vi komme over mykje interessant stoff om bondekvinnene. Ei av dei som har markert seg sterkt på lands- og fylkesbasis er Ingebjørg L. Ølnes frå Sogndal som i dag ville ha vore 110 år.

Ingebjørg L. Ølnes var fødd den 28. juni 1902 og døde 14. juli 1982. Ho var ei markant kvinne i Sogn. I arkivet finn vi opplysningar som fortel at ho var den første kvinnelege medlem av Sogndal formannskap og kommunestyre, der ho sat i fleire periodar. I 1947 skipa ho Sogndal Bondekvinnelag, der ho var leiar i 28 år. Under skipinga av Sogn og Fjordane Bondekvinnelag i 1948 var ho ei drivande kraft. Ho var leiar der i ei årrekkje samstundes som ho var med å skipa fleire lokallag. På toppen av det heile var ho både styremedlem og leiar i Norges Bondekvinnelag i fleire år.

Del artikkel

Del sida

Agregar comentario

El contenido de este campo se mantiene privado y no se mostrará públicamente.
  • Las direcciones de las páginas web y las de correo se convierten en enlaces automáticamente.
  • Etiquetas HTML permitidas: <h3> <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • Saltos automáticos de líneas y de párrafos.

Más información sobre opciones de formato

Al enviar éste formulario, usted acepta la política de privacidad de Mollom.

Comentarios

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login