Stadnamn – ei spanande lokalhistorisk kjelde
Fylkesarkivet har som mål å samla inn, verna og formidla alle stadnamn frå fjord til fjell i fylket. Arbeidet med å samla inn stadnamn i fylket starta som eit samarbeidsprosjekt i 1985. Det var Fylkesarkivet, alle dei 26 kommunane og arbeidsetaten som samarbeidde om dette. Pr. 01.09.2010 er det samla inn om lag 250 000 stadnamn. Av desse er 180 127 vitskapleg handsama og edb-registrerte. Om lag 168 700 har fått koordinatar på elektronisk kart. Nokre få stadnamn er registrere med lyd.
Du vil og kunna finna stadnamn plasserte på digitale kart på nettstaden www.fylkesatlas.no For kommunane Askvoll, Aurland, Balestrand, Bremanger, Fjaler, Flora, Hornindal, Høyanger, Jølster, Leikanger, Lærdal, Naustdal, Selje, Sogndal, Solund, Vik, Vågsøy og Årdal er alle dei innsamla stadnamna i låglandet lagt ut på nettet. For kommunane Førde, Hyllestad og Stryn er stort sett materialet samla inn utan at det blir formidla på Internett, bortsett frå at vi har lagt ut eit eksempel på ferdig stadnamnmateriale. For kommunane Eid, Gaular, Gloppen, Gulen og Luster er ikkje alt innsamlingsarbeidet gjort ferdig. Her er det også lagt ut eit eksempel på stadnamnmateriale.
I tillegg til denne innsamlinga av stadnamn har vi og kopiar av ”Skuleborninnsamlinga” frå 1932 for eige fylke, mindre innsamlingar, hovudoppgåver, handbøker, katalogar og ei boksamling med fagbøker om stadnamn.
Kontakt oss om du har spørsmål om stadnamn.
Les rapporten "Frå Gygrekjeften til Gygrarøvi. Ei nettreise i natur og kultur. Stadnamnprosjektet i Sogn og Fjordane."
Tilbake til hovudside om stadnamn
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker

