Foto
Fylkesarkivet har som målsetjing å samle inn, sikre og formidle eldre fotografisk materiale frå Sogn og Fjordane. Vi har ei omfattande samling med bilete frå heile fylket. Bileta vert gjort tilgjengelege på Internett etter kvart som dei vert registrert og digitalisert. Det tilgjengeleggjorte materialet omfattar både originalt materiale som er deponert på fotomagasinet og materiale som er lånt inn og avfotografert. Alt originalt fotomateriale vert oppbevart i magasin som har eit klima som er tilpassa strenge krav for lagring av fotografisk materiale. I arbeidet vårt er vi heilt avhengige av hjelp frå publikum. Dersom du har opplysningar om bilete i samlingane våre er vi takksame for om du kontaktar oss eller legg inn ein kommentar på nettsidene våre. Tips oss også dersom du har bilete som du meiner bør bli del av samlingane våre og bevarast for ettertida.
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker

