Inicio ›
Seminar om folkemedisin, magi og klarsyn
Seminar om folkemedisin, magi og klarsyn
Publisert av Randi Melvær, tysdag 22.03.2011
Sogn folkemuseum arrangerte førre veke eit svært interessant seminar. Ca. 140 deltakarar var møtt opp og blant dei Randi Melvær frå Fylkesarkivet. I samband med dette seminaret opna dei ei utstilling av magiske gjenstandar frå samlingane sine. Denne utstillinga er vel verd eit besøk.
Landskjende fagfolk var hyra inn for å fortelje om folketru og gjenstandar, vernande symbol og magiske formularar, tussar og troll, svartebøker, gjenferd, synske og heilande hender. Siri Benjaminsen var komen frå Årdal for å fortelje om Huldreduken på Ve, som er C14-datert til første halvdel av 1400-talet. Fleire av foredraga var knytt opp mot gjenstandane i utstillinga. Dette var eit godt pedagogisk grep.
Comentarios
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker



Agregar comentario