Aktuelt

Gamlebanken spelemannslag (foto: Sogn og Fjordane folkemusikklag)
(30.08.2012)
I sommar gjorde Fylkesarkivet si musikkavdeling lydopptak på Førdefestivalen. Lydopptaka frå dei seks konsertane er no registrerte i musikkdatabasen, og tilgjengelege for søk på heimesidene våre.
Ope kongebrev
(23.08.2012)
Dei fleste arkiva inneheld trykksaker. Nokre er svært interessante, andre er ikkje så interessante. Denne trykksaken vi fann denne gongen er ein liten godbit for dei historieinteresserte.
Stor bokgåve frå Jarle Bondevik
(21.08.2012)
Vi har motteke fire-fem store postsendingar med bøker frå professor Jarle Bondevik. Her på Fylkesarkivet er vi svært takksame for denne store bokgåva.
Kommunevåpen Flora kommune.
(17.08.2012)
Flora kommune har gjort avtale med Fylkesarkivet om å ordne kommuneadministrasjonen sitt arkiv frå perioden 1964 – 1993.
Årdal-Sogn Rotaryklubb
(16.08.2012)
Årdal-Sogn Rotaryklubb deponerte for ei tid tilbake arkivmaterialet sitt på Fylkesarkivet. Klubben ligg no i dvale, men arkivet fortel at det før var livleg aktivitet.
Fylkesbaatane art. kollasj
(10.08.2012)
No er 17 artiklar om Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane tilgjengeleg på Kulturhistorisk leksikon. Artiklane spenner breitt: frå krig, bombeåtak og store menneskelege offer, til namnestrid, flaggsak og jubileumsferingar. Historia til Fylkesbaatane er spanande og viktig for Sogn og Fjordane. Artiklane er Fylkesarkivet sitt bidrag til vår kunnskap om denne viktige samfunnsaktøren.
Eit svin som vert offentleg avretta i den franske byen Falaise i 1386
(03.08.2012)
I arkivet etter Sigrid Tang finst det ein konvolutt med påskrifta «dyrestraff». Innhaldet er ein illustrasjon som viser ein gris som vart offentleg avretta i den franske byen Falaise i 1386.
Peter Nicolai Arbo (1831-1892): ''Olav den Helliges død'' (1859)
(26.07.2012)
Vi feirar Olsok eller Olavsdagen 29. juli. Det er ein av våre offisielle flaggdagar som det er relativt lite merksemd om. I alle fall her i fylket. I Trøndelag derimot, og særleg rundt Trondheim og Stiklestad, er det mykje som skjer. Olavsfestdagene 28. juli - 5. august har eit omfattande program, med konsertar, foredrag, teater og utstillingar. http://www.olavsfestdagene.no/
Artikkel om heksemonumentet på Anda
(24.07.2012)
«Det vekte sterke reaksjonar at Statens vegvesen hadde festa ei antenne til monumentet. No viser det seg også at eine flammen er knekt av.» (NRK 20.07.) Les om Heksemomonumentet på Anda og hekseprossane i Kulturhistorisk leksikon.
Blomsterhav utanfor Oslo Domkyrkje, 25 juli 2011
(22.07.2012)
Kring heile fylket vart det kveikt lys, lagt ned blomar, kort og andre gjenstandar etter dei tragiske hendingane i fjor sommar. I dei fleste kommunane vart det også lagt ut kondolanseprotokollar. Fylkesarkivet har arbeidd for å sikra dei minna som er moglege å ta vare på.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login