Aktuelt

Brev Copiebog
(07.05.2014)
Fylkesarkivet har digitalisert ei kopibok frå skipsbyggjar Tønnes Rolfsen. Den 12. mars 1814 skreiv han eit brev til broren, Ludolf Eide, som budde på Hovland i Sogndal. I brevet fortel Tønnes om bededagen og eidsavlegginga, sett frå Bergen.
Framsida til lagsbladet "Mot Mål"
(01.05.2014)
Ja den 1 mai hev me vel høgtida, eg trur eg er inkje åleina, når eg seier det finst inkja dag ein ser fram til med slik spaning og forventning so den 1 mai.
Statens kunstarstipend
(25.04.2014)
Musikar og komponist Linda Gytri frå Oldedalen i Stryn er tildelt arbeidsstipend for yngre nyetablerte kunstnarar. Stipendet gjeld i to år.
Krigsinvalideforeningen
(09.04.2014)
Fylkesarkivet har motteke arkivmaterialet frå Sogn og Fjordane Krigsinvalideforening. Foreininga var samla for siste gong i desember 2013.
Kjelda
(03.04.2014)
Fyrste utgåva av Kjelda for 2014 er i desse dagar på veg ut til tingarane våre. I årets fyrste Kjelda kan ein lese om Nils O. Reppen sine stereofotografi og om landhandlarfamilien Sølvberg.
Førdefestivalen 25 år
(03.04.2014)
3. april er det programslepp for den 25. Førdefestivalen i rekkja.
Medan arkiva frå Stryn og Innvik enno stod på pallar i magasinet
(02.04.2014)
Kommunearkivordninga jobbar jamt og trutt med å grovordna og registrera arkiv som vart skapt før den store kommunereforma rundt 1964. Dei siste månadane er det arkiva etter «gamle» Stryn kommune som har stått i fokus.
Lena Skjerdal (foto: Oddleiv Apneseth)
(01.04.2014)
Torsdag 3. april kl. 19.00 spelar Lena Skjerdal Trio konsert i Lærdal kulturhus. Konserten er ein del av "den musikalske stamvegen", som er eit ledd i Vestnorsk Jazzsenter sitt regionale turnéprogram.
Søren Jaabæk. Tegning av Gustav Lærum i Verdens Gang 1891
(01.04.2014)
Også eit 200 års-jubileum: SØREN JAABÆK – fødd 1. april 1814. Han var far til den landsomfattande bondevenrørsla, stod sentralt i framveksten av partiet Venstre og var både var hylla og forakta i si samtid. Her i fylket fekk han godt fotfeste.
Erlend Apneseth (foto: Vegard Fimland)
(31.03.2014)
Tysdag 1. april klokka 19.00 spelar Erlend Apneseth konsert i ungdomshuset Skogstjerna i Stryn. Spelemannslaget Fjelljom er arrangør for konserten, der ein vil få høyre solo hardingfelespel frå ein framifrå ung spelemann.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login