Inicio ›
Aktuelt
|
(05.11.2012)
Sigrid Terese Moldestad frå Breim er tildelt Hilmar Alexandersen musikkpris 2012.
|
|
(31.10.2012)
Hermund Klepppa har funne fram ein interessant artikkel om tingstova i Lavik. Tingstova finst ikkje lenger, men i 1956 skreiv Anders Skåsheim om ho i avisa "Sogn og Fjordane". Fleire personar hadde gitt Skåsheim opplysningar slik han kunne laga ei skriftleg framstilling. Informantane hans var gamle folk. Skåsheim samla historiske opplysningar og sikra dei for ettertida. Takka vere Skåsheim veit me noko om den gamle tingstova i Lavik.
|
|
(26.10.2012)
Skipsleia Bergen-Sogn har mange attraksjonar for turistar og andre reisande. Strekninga frå Kvennafjorden nordover til innløpet av Sognefjorden har fleire svært smale stykke som vekkjer undring: at det er råd å manøvrera i stor fart i så trangt farvatn. Men somme stader sakkar båtane farten, forbi bryggjer og småbåtplassar. På det trongaste sør i Alværstraumen gjer dei det. Her fer båten forbi eit skjer der det står ein lyktestolpe og, ein hund.
|
|
(24.10.2012)
Måndag 22.oktober reiste kommunearkivordninga mannsterke på vitjing til Gulen kommune. På dagsorden stod elektroniske arkiv, samt papirarkiv danna etter 1964.
|
|
(16.10.2012)
Denne veka tek folkesongaren Unni Løvlid frå Hornindal del i ei urframføringa med BIT20 Ensemble i Bergen. 18. oktober er det urframføring av Ørjan Matre sine "Terskelsanger" for stemme og ensemble.
|
|
(15.10.2012)
Du kan søke i 180.000 historiske stadnamn frå Sogn og Fjordane. Stadnamn er spanande, og kan gje verdfull informasjon om naturtilhøve, kulturhistorie, overtru, katastrofar og konflikt, og mykje mykje meir. Stadnamna er og viktige referansepunkt i terrenget som folk flest brukar kvar dag. Fylkesarkivet har gjennom 20 år samla inn, bearbeidd og digitalisert stadnamna. Dei er no tilgjenglege i eit eige kartgrensesnitt på nettet. Gå inn på http://www.fylkesatlas.no og finn dei ukjende stadnamna frå din heimstad.
|
|
(15.10.2012)
Arbeidet med det 4 bind sterke Fylkeshistoria i Sogn og Fjordane er no godt i gang. Ein hovudredaktør og 4 historikarar frå høgskulane i Volda og Songdal skal skrive verket, og 2.november vil vi få dei første glimt av historia og kva tankar histoprikarane gjer seg om vegen vidare. Det fell saman med lanseringa av 1.bind av Flora-historia, og seminaret blir derfor lagt til Florø denne dagen, som blir avslutta med ein heidundrande lanseringsfest.
|
|
(09.10.2012)
Hermund Kleppa, tidlegare arkivar ved Fylkesarkivet, stilte 5.10.12 spørsmålet «Når kom fylkesmannen til Leikanger?» på Facebook. Svaret fann han i dag på Fylkesarkivet, og året er 1862.
|
|
(08.10.2012)
I helga gjekk Vestlandskappleiken 2012 av stabelen på Osterøy i Hordaland. Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris vart utdelt til hardingfelespelaren Nikolai Storevik frå Stryn.
|
|
(28.09.2012)
Like sikkert som at trekkfuglane fyk sørover på denne tida, like sikkert er det at vi får besøk frå 8.klassane frå Leikanger ungdomsskule. Dei skal hente kunnskap om bygda si og kjem då til oss. Det likar vi godt.
|
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker
