Aktuelt

Folkelarm 2014
(23.09.2014)
Nordens største bransjetreff for folkemusikk, verdsmusikk og folkedans finn stad i Oslo denne veka. Folkelarm vert arrangert frå torsdag 25. til laurdag 27. september, og ein kan oppleve seminar, konsertar og særleg fokus på Tyskland.
Luster kommune
(15.09.2014)
Laurdag 20. og sundag 21. september vert det dansehelg i Jostedal samfunnshus. Jostedal spel- og dansarlag inviterer til dansekurs med Kirsten Friis, og dansekveld med Jutullaget.
Karl Seglem (foto: Oddleiv Apneseth)
(05.09.2014)
I september månad turnerer årdøl Karl Seglem med tingingsverket "Som spor". Han vitjar fleire stader i Sogn og Fjordane, i tillegg til Voss og Bergen.
Hardanger spelemannslag
(01.09.2014)
Hardanger spelemannslag skipar til Vestlandskappleiken 2014. Kappleiken finn stad i Granvin frå 3. til 5. oktober.
Slåttify
(23.07.2014)
Slåttify er eit samarbeidsprosjekt mellom FolkOrg og nettavisa Folkemusikk.no. Nettsida vart lansert tidlegare i år, og inneheld ulike spelelister med norsk folkemusikk. Musikkavdelinga har sett saman ei speleliste med musikk frå Sogn og Fjordane.
Folkelarm 2014
(18.07.2014)
Folkelarm er eit årvisst bransjetreff som arbeider for å marknadsføre norske folkemusikkartistar for den norske og internasjonale folke- og verdsmusikkbransjen. Majorstuen er blant artistane på årets Folkelarm, som finn stad i Oslo 25. - 27. september.
Førdefestivalen 2014
(02.07.2014)
Den fyrste Førdefestivalen fann stad sommaren 1990. Festivalen har vore arrangert kvar sommar sidan, og kan soleis feire 25 år i år. Årets festival er frå onsdag 2. til sundag 6. juli.
Landskappleiken 2014
(30.06.2014)
Gro Marie Svidal (Indre Sunnfjord Spelemannslag) vann eliteklassa for spel hardingfele, medan Mathilde Skjæret (Jostedal Spel- og dansarlag) vart nest best i spel hardingfele klasse C. I klassa for lagspel senior vart Gamlebanken Spelemannslag nummer 4.
Landskappleiken 2014 logo
(23.06.2014)
Onsdag 25. - søndag 29. juni er det Landskappleik på Geilo.
Erlend Apneseth (foto: Vegard Fimland)
(17.06.2014)
Hardingfelespelaren Erlend Apneseth (24) frå Jølster i Sogn og Fjordane får tildelt Øivind Bergh sin minnepris for 2014. Den tradisjonelle minneprisen blir delt ut Peer Gynt-stemnet på Vinstra i august.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login