Aktuelt

Heile kommuneadministrasjonen på arkivkurs (Foto: Linda Lyngstad)
(14.06.2013)
Bremanger kommune har i vår gjennomført arkivkurs for sakshandsamarar. Både sakshandsamarar og leiinga i kommunen var med.
Årets kontaktkonferansen samla om lag 70 personar på Hotel Alexandra i Loen
(02.05.2013)
Årets kontaktkonferansen samla om lag 70 personar på Hotel Alexandra i Loen. No legg me ut presentasjonane som vart haldne.
Her er QR-koden til Kontaktkonferansen 2013.
(26.02.2013)
Kommunearkivordninga ved Fylkesarkivet inviterer til Kontaktkonferansen 2013.
Plassering av arkivet i 2007
(11.02.2013)
Sakte, men sikkert arbeider me oss gjennom dei kommunale arkiva som er plasserte i depot her på fylkeshuset. Målet er å gjera arkiva meir tilgjengelege for folk flest. I det siste er dei kommunale arkiva frå Balestrand grovordna, registrerte og arkivkatalogen er tilgjengeleg på Arkivportalen.no.
Magasina våre er fulle av spanande lesestoff
(29.01.2013)
Ein viktig del av jobben for oss på Fylkesarkivet er å hjelpa publikum med å finna ut av ulike spørsmål som ein kan finna svar på i arkiva. Frå 2006 har Fylkesarkivet vore depot for dei fleste kommunale arkiva i fylket. Dei siste to åra har me ført statistikk over kor mange førespurnadar det er frå desse arkiva, og me ser at talet aukar.
Avlevering av tannjournalar. Foto: Cecilie Astrup Bustad
(20.12.2012)
19. desember vart årets siste ladning med tannhelsejournalar avlevert til Fylkesarkivet. Journalane kom frå tannklinikkane i Gaupne og Hafslo. Med avleveringa frå desse klinikkane har i alt 28 klinikkar levert sine gamle journalar til Fylkesarkivet.
Dette biletet vart teke då Luster kommune avleverte arkiv i 2007
(10.12.2012)
Fredag 7. desember var Fylkesarkivet på synfaring i fjernarkivet til Luster kommune. Dei ynskjer å setja i gang å klargjera arkiv yngre enn 1963 for avlevering.
Høyanger kommune avleverte arkiv i 2007
(03.12.2012)
Arkivportalen er inngangsporten til arkiv frå heile landet. Etter å ha systematisert og registrert arkiva frå Kyrkjebø kommune, er det no mogleg å søka i desse arkiva på arkivportalen.no.
Arkivmaterialet frå Flora kommune fylte ein heil flyttebil
(28.11.2012)
Tysdag 27. november vart arkiv frå sentraladministrasjonen i Flora overflytta frå Flora kommune til Fylkesarkivet. Fylkesarkivet skal ordna arkivet som er danna i perioden mellom 1964 og 1993. Sidan skal det avleverast til depot på Fylkeshuset.
I 1936 vart det diskutert om det skulle opprettast fylkesarkiv
(16.11.2012)
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane vart stifta i 1983, men allereie i 1936 vart tanken om eit felles kommunearkiv for alle kommunane i fylket opp til diskusjon i eit kommunestyremøte i Eikefjord kommune.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login