Frå Terje Steinar Vallestad har me motteke digitale kopiar av fleire protokollar frå Viksdalen Idrettslag. Det er tale om ei møtebok, årsmeldingar og lagsblad.
Joar Sande har sendt oss biletet av ein stein med inskripsjonen OSS 1889, som han nyleg fann ved plassen Sandagjære i Gaular. Er det nokon som har meir informasjon om denne steinen?
Joar Sande har sendt oss ei gardssoge for Sanda (gardsnummer 75 bruk 4) i Gaular, skriven av han sjølv. Soga gjev ei fin skildring av garden og folket som har budd der. Og dyra, til dømes hunden Rapp.
Før jul fekk eg eit hyggeleg besøk på kontoret mitt. Eg fekk overlevert ein gamal skuleprotokoll frå Gaular. Det var ein protokoll som me ikkje hadde kjennskap til frå før. Med dette vart arkivet frå Gaular kommune litt meir komplett, og det gjev oss meir kunnskap om skulane på Lunde og Skilbrei. Som takk for protokollen laga me ein fin kopi til avsendaren.