Sogndal

Oscar II var heldig ved Bøyabreen i 1879

Bøyabreen november 2014. Fotograf: Hermund Kleppa.
Bøyabreen har vore i nyhendebiletet den siste tida. "Dramatisk tilbakegang" melde NRK Sogn og Fjordane for ikkje lenge sidan.

Reisande prestar

Fort Dansborg i Trankebar. Foto: Esben Agersnap
Kor stor var verda for embetsmenn i sameiningstida med Danmark? Minst to av "1814-prestane" i Sogn og Fjordane hadde livsrøynsler langt utanfor tvillingriket sine grenser.

Kjelde til 1814 digitalisert

Brev Copiebog
Fylkesarkivet har digitalisert ei kopibok frå skipsbyggjar Tønnes Rolfsen. Den 12. mars 1814 skreiv han eit brev til broren, Ludolf Eide, som budde på Hovland i Sogndal. I brevet fortel Tønnes om bededagen og eidsavlegginga, sett frå Bergen.

Fotograf Reppen på Flickr

Tårnhuset i Sogndalsfjøra. Fotograf: Nils O. Reppen.
Samlinga etter fotograf Nils O. Reppen (1856-1925) frå Sogndal er no digitalisert , og eit utval på 100 stereofotografi frå samlinga er gjort tilgjengeleg på Fylkesarkivet sin Flickr-profil.

- Du kan no vel skjyna da, mann, at eg konne no ikkje la det gao i broki helde lell

«Kommandøren» blei sett i rute sommaren 1891, og «Jotunheim» slutta ved årsskift
"Kommandøren" grunnstøytte ved Nornes i Sogndalsfjorden hausten 1891. Og kva var årsaka? Jo, en desperat fyrvaktar med mageproblem.

Luke # 15

Kari Malmanger (foto: Oddleiv Apneseth)
Plateaktuelle Kari Malmanger opnar den femtande luka i musikkavdelinga sin julekalender.

Kjøpstemna for Sogn 1938

Annonse frå Sogn og Fjordane 17.06.1938
18. juni 1938 opna ei kjøpstemne på Helgheim i Sogndal. Frå heile Sogn kom det folk og viste fram arbeida sine.

Hagebruksutstillingen for Sogn 1951

Diplom for gullmeldalje under Hagebruksutstillingen for Sogn 1951
1.-4. november 1951 vart det halde hagebruksutstilling på ungdomshuset Solhov i Sogndal. Avisa Sogn og Fjordane melde oppglødd at det «angar av friske frukter og blomar og augo møter eit reint fortryllande fargespel kvar ein vender seg.»

110 år sidan Ingebjørg L. Ølnes vart fødd

Ingebjørg L. Ølnes ved skrivebordet på kontoret til Norges Bondekvinnelag
Fylkesarkivet har i desse dagar fått inn arkivmateriale frå Sogn og Fjordane Bondekvinnelag.

Smed i Sogndalsfjøra av Jarle Bondevik

Boka om smeden Mikkel Larsson Stenehjem (1843-1912)
Mikkel Larsson Stenehjem (1843-1912) var smed i Sogndalsfjøra. Han let etter seg dagbøker som fortel om det sosiale livet hans og om arbeidslivet hans. No har Jarle Bondevik laga bok av desse nedtegningane. Boka er delt inn i kapitla «Familiemannen», «Deltakar i det sosiale livet», «Smeden», «Gardbrukaren», «Samfunnsmenneske» og «Modernisering». Kapitlet om smedarbeidet er det lengste. Elles viser notatbøkene at Mikkel var ein «mangesyslar» som arbeidde for seg sjølv og andre, men også hadde folk i arbeid.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login