Firda hadde 23. januar ein artikkel om Thorvald Netteland frå Solund, som med sine 105 år er eldst i landet. Den lengstlevande personen frå Sogn og Fjordane gjennom tidene er Laura Hansine Svehaug, opphavleg frå Selje. Ho vart over 111 år. Dette opplyser Celvin Ruisdael, som har undersøkt folk med høg alder i Noreg.
I fotosamlinga til Jon Rasmus Langeset Vik er det tett mellom fotoperlene. Vi har nyleg omtala albumet «La Norvege» frå 1922. No er fleire godbitar digitaliserte, mellom dei bilete frå Lodalsulykka i 1936 og unike årgangspositivar laga av dei kjende fotografane Axel Lindahl og Knud Knudsen.
Fylkesarkivet har til no registrert heile 96 000 formannskapssaker i databasane våre, dei fleste med kjeldekopi, og fleire kjem. Formannskapsprotokollane er ei unik historisk kjelde. Prøv eit søk, her er mykje å finne.
Som den 23. kommunen i fylket har Førde kommune vedteke å avlevera det kommunale arkivmaterialet som er eldre enn 1964 til depot på Fylkesarkivet. Torsdag 26. januar var Fylkesarkivet i Førde for å planlegga arbeidet fram mot avleveringa som skal finna stad 20. mars.
Fylkesarkivet registrerte 71 nye privatarkiv i fjor. I mengd utgjer dei over 200 hyllemeter. Det aller største var arkivet frå Firda Canning, som aleine fyller om lag 140 hyllemeter.
Fotoarkivaren jobbar for tida med å digitalisere ei samling foto innlånt frå Jon Rasmus Langeset Vik. Blant fotomaterialet er eit album med tittelen «La Norevege 1922» som no er ferdig digitalisert og tilgjengeleg på internett.
Julerutene til Fylkesbåtane fører til endringar i postgangen. Mellom anna blir det ikkje køyrt post på ruta Lavikdal – Lavik 1. juledag. Den oppsette ruta 1.juledag mellom Raudeberg og Revika blir flytta til julaftan. Dette var bodskapen i eit flygeblad posten sendte ut til kommunane i 1931.
Laurdag 12.november var det Arkivdagen 2011. Fylkesarkivet opna dørene, og baud på ein dag via til protest. Fotograf Kristján Logason dokumenterte Arkivdagen.
Fylkesordførar Åshild Kjelsnes og rektor Åse Løkeland signerte fredag 11. november avtalen om at Høgskulen i Sogn og Fjordane skal skrive fylkessoga for Sogn og Fjordane. Fylkestinget sette av åtte millionar kroner til dette arbeidet i desember 2010.