Fotografi

Kysthistorie i biletform: Foto etter ingeniør Kristian Berge

Hamna ved Veiholmen, 1923. Fotograf: Kristian Berge.
Dei første fem negativalbuma etter ingeniør Kristian Berge (1887-1965) frå Stryn er no digitalisert og tilgjengeleg i fotobasen. Eit utval på 120 bilete frå samlinga er også gjort fritt tilgjengeleg på Fylkesarkivet sin Flickr-profil.

Flickr Commons feirar fem år!

Fylkesarkivet har vore del av Flickr Commons sidan 2010.
I dag er det fem år sidan den første bevaringsinstitusjonen la ut bilete til fri bruk på Flickr Commons. Vi feirar dagen med fire flotte fotogalleri sett saman av Library of Congress. I galleria finn du eit utval av dei mest populære og interessante bileta frå alle institusjonane som er del av Flickr Commons, Fylkesarkivet inkludert.

Nye prisar og bruksvilkår for foto

Frå og med 1. januar 2013 kan du bestille digitale kopiar av fotografia Fylkesarkivet forvaltar til private bruksformål. Med denne endringa ønskjer vi å gi deg større fleksibilitet i bruken av bilete frå fotosamlingane våre.

Foto frå Eivindvik prestegard

Utsyn frå Krossteigen mot Gulen kyrkje. Fotograf: Astrid Beichmann Hovden.
Tidlegare i år fekk Fylkesarkivet ei fotosamling på kring 300 bilete med motiv frå prestegarden i Eivindvik i gåve frå Karl-Anders Hovden. Eit lite utval bilete frå samlinga er no tilgjengeleg på nettsidene våre.

Fotograf Knut A. Aaning (1880-1922) på Flickr

"Opad, fremad!" Medlem i Innvik ungdomslag samla. Fotograf: Knut A. Aaning.
Vi har lagt ut ei lita samling med bilete etter fotograf Knut Aaning frå Stryn på Flickr-profilen vår. Aaning jobba som fotograf i Oppstryn og nærliggjande bygder. Blant bileta som vi no har lagt ut til fri bruk på Flickr finn du mellom anna bilete av Innvik ungdomslag, Mindresunde Hotel og fleire store gruppebilete frå bryllaupsfestar.

Luster og lustringar for 100 år sidan – fotoutstilling på Sogn Folkemuseum

Johan Rumohr Døsen dokumenterte livet på Døsen i åra rundt førre århundreskifte.
Onsdag 2. mai kl. 19.00 opnar fotoutstillinga «Luster og lustringar for 100 år sidan» på Sogn Folkemuseum. Det er fotografi av den profesjonelle fotografen Samson Brathole, og amatørfotografen Johan Rumohr Døsen som vert presentert.

«Fotografen og keisaren» - arkivskatt blir dokumentarfilm

Albuma til Magdalene gir eit unikt innblikk i keisartida i Balestrand.
1. mai kl. 20.00 sender NRK1 dokumentaren «Fotografen og Keisaren» som handlar om keisar Wilhelm II sine reiser til Balestrand i tida før første verdskrig. Fotografia som filmen tar utgangspunkt i finn du i Fylkesarkivet sin fotobase.

Foto – landskonferansen 2012

Landskonferansen vart arrangert på Park Hotel. Fotograf: Elin Østevik.
Årets landskonferanse for foto gjekk av stabelen i Sandefjord 23.-24. april. Utfordringar knytt til handsaming og bevaring av fotosamlingar skada av mugg eller nedbryting var eit av hovudtemaa dette året.

Nytt Askeland-panorama

Rekruttskulen på Bømoen 1927. Fotograf: Martinus Eliasson Askeland.
I det kommunale arkivmaterialet etter Gulen kommune fann vi dette panoramabilete teke av fotograf Martinus Eliasson Askeland (1890-1948). Originalen som vi no har skanna er heile 18 x 90 cm!

Naustdalsfoto

Eitt av fleire portrett i biletsamlinga. Fotograf:Ukjend.
Ein av fotosamlingane som fotoarkivaren jobbar med i år er biletsamlinga til Naustdal kommune. Samlinga inneheld bilete som kommunen samla inn på 1990-talet. Nokre titals foto frå samlinga er nyleg digitalisert og gjort tilgjengeleg på nett.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login