Nyhende

"Bygderøveri"?

 Prestegard frå Leikanger på Norsk Folkemuseum, Oslo 2009.
Det er 100 år sidan dei reiv prestegards-huset på Leikanger, og sende materialen til Austlandet, første etappe pr. båt til Bergen og derifrå med jernbane austover. No står huset på Norsk Folkemuseum i Oslo, innreidd med møbler og anna utstyr frå familien Thaulow.

Kjelda

Kjelda
Kjelda ligg snart i postkasser rundt omkring i landet, fylt med spanande og variert stoff. Du kan mellom anna lese om Måløyraidet, sjukehusstrid og den tøffe mellomkrigstida i Hyllestad.

Registrering av formannskapsprotokollar

Fylkesarkivet held på med eit større arbeid med å registrera, digitalisera og publisera møtebøker frå kommunane i fylket frå 1837 til kring 1920.

Bilete frå Arkivdagen

Foto: Kristján Logason 2011
Laurdag 12.november var det Arkivdagen 2011. Fylkesarkivet opna dørene, og baud på ein dag via til protest. Fotograf Kristján Logason dokumenterte Arkivdagen.

"Formidling må vi ta på alvor"

Dette sitatet er henta frå ein av føredragshaldarane, på NAM (norsk arkeologimøte) som vart halde 3.-5. november i Kristiansand. Dette vart formidla til arkeologar, men bodskapet kan også overførast til oss som jobbar med arkiv.

Fylkessoge for Sogn og Fjordane - no startar arbeidet

Joachim de Knagenhielm (1727-1796) var den første amtmannen i Nordre Bergenhus
Fylkesordførar Åshild Kjelsnes og rektor Åse Løkeland signerte fredag 11. november avtalen om at Høgskulen i Sogn og Fjordane skal skrive fylkessoga for Sogn og Fjordane. Fylkestinget sette av åtte millionar kroner til dette arbeidet i desember 2010.

Vi møtest på Arkivdagen, laurdag 12.11

Protest er tema for årets Arkivdag. Midt i blinken for oss “Fjogningar” som vert skulda for å protestere og krangle om det meste, kanskje? Fylkesarkivet inviterer alle, både “kranglevorne” og fredsæle, til ope hus komande laurdag frå kl 11-15, på Fylkeshuset.

Velkomen til Arkivdagen laurdag 12.november 2011

Logo Arkivdagen 2011
Laurdag 12.november er det Arkivdagen 2011. På Arkivdagen kjem arkivinstitusjonar i heile Norden til å opne dørene for publikum. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane inviterar til arrangement på Fylkeshuset, frå kl. 11.00 til 15.00. Temaet i år er protest.

Hyllestad 1861-2011 - kommunen og folket, bokmelding

Enno ein gong har Hyllestad sogelag gitt ut eit flott lokalhistorisk skrift. Denne gongen er det eit jubileumsskrift til 150-årsjubileet for Hyllestad kommune. Sogelaget og kommunen har gått saman om å laga boka. Resultatet er blitt ei svært god og omfangsrik bok på heile 228 s. Her finn vi stoff om naturen utforska av pionerar, og om kvernsteinsbrota i jubileumsåret - men likevel mest stoff frå dei 150 åra med kommunen.

Tur til verdsarvområdet i Aurland

Stavkyrkja i Undredal. Foto: Elin Østevik
Tysdag den 30. og onsdag den 31. juli arrangerte kulturavdelinga personaltur for alle tilsette i fylkeskommunen sin kultursektor. Det blei to innhaldsrike og lærerike dagar med mykje kultur, historie og kulturbasert næringsutvikling på programmet.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login