Répondre au commentaire
Gamlebanken spelemannslag tok gull på Landsfestivalen
I juli deltok Gamlebanken spelemannslag i Landsfestivalen i gamaldansmusikk på Oppdal. Spelemannslaget, som er samansett av utøvarar frå Naustdal, Jølster, Gaular og Luster, imponerte med å ta gull i lagspel under festivalen. Synnøve S. Bjørset er musikalsk leiar for Gamlebanken spelemannslag. Saman med nokre av dei andre spelemennene i Gamlebanken, vart ho intervjua på NRK Sogn og Fjordane 4.august. I intervjuet fortel Bjørset at Gamlebanken speler litt anna musikk enn folk er vant med å høyre på gamaldansfestival. Gamlebanken har leita i gamle arkiv og funne fram til nokre gamaldansslåttar som dei meiner er noko av det råaste ein kan oppdrive, fortel Bjørset. Ho skryt av Fylkesarkivet si tradisjonsmusikksamling, og kallar det ei skattekiste. Bjørset trekk fram Johanna Eldegård frå Årdal som ei viktig kjelde. Gamlebanken speler mellom anna ein reinlendar etter ho live i studio.
Fylkesarkivet gratulerer Gamlebanken spelemannslag med gullmedaljen i landsfinalen i gamaldansmusikk!
Interesserte kan høyre intervjuet på NRK Sogn og Fjordane her. (Intervjuet med Gamlebanken spelemannslag kjem om lag 30 minutt ut i sendinga.)
Heimesidene til Landsfestivalen kan ein besøkje her.
Fylkesarkivet sine opptak med Johanna Eldegård finn ein her.
Répondre
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker

