Répondre au commentaire

Fylkeskappleiken 2012 i Stryn

Arne M. Sølvberg er leiar for hovudkomitéen for Fylkeskappleiken 2012 (foto: Sog
Årets Fylkeskappleik er i Stryn kulturhus laurdag 14. april. Spelemannslaget Fjelljom står som lokal arrangør.

Fylkeskappleiken er ei årviss tilskiping innan folkemusikk og folkedans, som går av stabelen kvar vår. I år er Spelemannslaget Fjelljom arrangør, og dei inviterer til Fylkeskappleik i Stryn kulturhus laurdag 14. april. Det vert tevling innan mange disiplinar, mellom anna spel solo fele/hardingfele, solo vokal, vokalgruppe, dans, lagdans, samspel, gruppespel, open klasse, lagspel og runddans/gamaldans. Spelemannslaget Fjelljom har dessutan vedteke å setje opp to nye vadrepremiar: ein (todelt) til beste dansepar, og ein til beste prestasjon i vokal. 

Spelemannslaget Fjelljom si nyaste utgjeving vert òg lansert laurdag kveld.

Folkemusikkarkivet vil vere til stades for å dokumentere kappleiken på lyd og video, og oppmodar alle folkemusikk- og folkedansinteresserte om å ta turen til Stryn kulturhus i helga.

Les meir om Fylkeskappleiken på heimesidene til Sogn og Fjordane folkemusikklag.

Répondre

Le contenu de ce champ sera maintenu privé et ne sera pas affiché publiquement.
  • Les adresses de pages web et de courriels sont transformées en liens automatiquement.
  • Tags HTML autorisés : <h3> <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • Les lignes et les paragraphes vont à la ligne automatiquement.

Plus d'informations sur les options de formatage

En soumettant ce formulaire, vous acceptez la politique de confidentialité de Mollom.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login