Om Bremanger i kulturhistorisk leksikon

Vingenfeltet er i dag det nest største helleristningsfeltet i Noreg med vel 2000 figurar. Likevel var det helst eit slumpetreff som førte til at staden vart kjent for omverda i 1912.
I kulturminneåret 1997 kåra folket i Bremanger den gamle middelalder-kyrkjegarden på Grotle til kommunen sitt kulturminne. Grotlekyrkja vart riven i 1865 men kyrkjegarden var i bruk til 1902. Seinare har han lege meir eller mindre urørd.
På nordvestsida av Bremangerlandet - ut mot det opne storhavet, finn ein den fråflytta grenda Vetvik. Her budde det folk før, eit heilt lite bygdesamfunn. Dei siste flytta bort i 1951.
Godt i ly for storhavet ligg Kalvåg på innsida av øya Frøya. Gjennom mange hundre år var dette ei god hamn for fiskarane, på jakt etter sild og torsk. Dei mange sjøbuene rundt vågen vitnar om at Kalvåg òg har hatt fiskehandel. Fiskeritilverking og handel går no føre seg i større bygningar. Kalvåg er såleis ingen bortgøymd væridyll, og gamle fiskebuer tener no som losji for turistar. Staden er eitt av dei få livskraftige sentra på kysten til Sogn og Fjordane.
Tek ein turen til vestsida av garden Liset i Bremanger vil ein finne ein fredeleg stad. Berre gamle grunnmurar står att og vitnar om tidlegare hektisk aktivitet, då opp til fleire hundretals menn "låg i Geitholmen". Den sesongvise bruken av staden har eldgamle røter, med eit siste høgdepunkt under vårsildfisket på midten av 1800-talet.
På vegen mellom Ålfoten og Svelgen ligg Myklebustdalen med Myklebustsætra plassert rett attmed Sætravatnet. Her ligg ei av dei få setrane i Sogn og Fjordane som enno er i drift.
Ålfoten kyrkje er ei langkyrkje i lafta tømmer som står i bygda Ålfoten i Bremanger kommune. Kyrkja, som har 100 sitjeplassar, vart bygd på 1600-talet. Årstalet 1678 var lenge rekna som byggeåret, men ho er truleg bygd kring 1610. Ålfoten kyrkje er soknekyrkje for Ålfoten sokn i Davik prestegjeld.
Ein gong var sunnfjordbåten den vanlege båttypen i Sunnfjord, men alt for 150 år sidan var dei i ferd med å tape terreng for ei modernisert utgåve av nordfjordbåten. Kystlaget "Over stokk og stein" i Bremanger eig i dag av ein av dei få originale sunnfjordbåtane som ennå flyt.
Claus Frimann, fødd 1746, var prest i Davik i 42 år. Han er omtala som diktarpresten i Nordfjord, best kjend for boka Almuens sanger, og særleg visa Den norske fisker. I 1936 reiste kyrkjelyden i Davik ein minnestein over den vidgjetne diktarpresten sin.
I Bremanger gav kraftrikdomane grunnlag for oppbygginga av industristaden Svelgen. Det tok tid før det vart etablert industri som kunne nytte krafta, og det var først frå 1950-åra Svelgen utvikla seg til ein større industristad, med verksemda Elkem Bremanger som dominerande arbeidsplass. Etter kommunereguleringa i 1963, vart Svelgen senter i den nye Bremanger kommune.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login