Om Bremanger i kulturhistorisk leksikon

I 1968 var teologistudenten Arne Eltervaag på vitjing i Vetvik. Bygda hadde då vore fråflytta i 17 år. Staden gjore sterkt inntrykk. Etterpå skreiv han stykket "Vetvik, kirkegården ved havet" til kyrkjebladet i Bremanger og Davik. Artikkelen er her attgjeven med innesette mellomtitlar.
Boka "Dampen og kaia" (1998) handlar om båtstoppestadene i Sogn og Fjordane i tida 1858-1998. Forfattaren, Finn B. Førsund, fortel kort og informativt om i alt 234 stoppestader. Berle i Bremanger har ein omtale på ca 150 ord. Ei skildring i Måløy-avisa "Fjordenes Tidende" (1984) er meir omfattande. Lesaren får eit større og meir nyansert bilete av stoppestaden Berle. Artikkelen her har tre deler: - ein kort presentasjon av bygda Berle, omtalen i "Dampen og kaia" og stykket i "Fjordenes Tidende".
Vintrane midt på 1900-talet kom storsilda inn til kysten i enorme mengder for å gyta. Tusenvis av farkostar var i sving. Men eitt stort problem melde seg snøgt: mottakskapasiteten blei for liten. Til sesongen 1950 kom eit nytt tiltak på plass: Ein flytande sildoljefabrikk ¿ ¿Clupea¿.
I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om livsminne, om kva soknepresten i Bremanger i 1905 mintest i 1955, 50 år etter. Stykket stod opphavleg i Aftenposten, seinare i Firda Folkeblad, Florø. Mellomtitlane er innsette av KL-red.
Bedehuset på Hauge er eit av dei eldste bedehusa i Sogn og Fjordane. Lærdal var først ute med bedehus i fylket. Me kjenner ikkje årstalet, men Lærdalsørens bedehus eksisterte i 1872. Dei neste var Førde (1881), Marifjøra (1888), Vik (1891), Sogndal (1895) og så kom tre i 1903: Luster (Dale), Nordstranda (Selje) og Hauge bedehus på Bremangerlandet.
Bremanger kommune har eit stykke kyrkjegard som er verd å ta vare på. Det ligg på sørsida av Frøya kyrkje og er ein del av kyrkjegarden rundt kyrkja. Årstala på gravminna viser at dette feltet var i bruk først på 1900-talet. Det spesielle er at den vesle teigen av kyrkjegarden ikkje er blitt jamna og planert.
Eit kort stykke nedanfor kyrkja i Ålfoten står ein 4,5 m høg stein til minne om soldatar frå Ålfoten som var med i krigen 1807-1814. Bygdefolket omtalar han som "Bautasteinen". Ålfoten Ungdomslag reiste steinen i 1914. Innskrifta er særs fint hoggen.
Våren 1885 kunne folk på gardane ved Dalavatnet på Bremangerlandet ta seg fram til og frå sjøen i båt. Dei hadde bygt ein kanal på eige initiativ og for eigne pengar, etter at offentlege instansar hadde drive på med utgreiingar i 15 år. Ein søknad om fylkestilskot inneheld byggjehistorie.
På fastlandssida av Bremanger, ned mot Flora kommune, ligg Botnane med gardane Øvrebotnen, Sørbotnen og Nordbotnen. I dag finn ein åtte gravrøyser på Botnane, fleire av dei ligg lett synlege attmed vegen. Ein reknar med at alle vart bygd i eldre bronsealder - kring 1800-1000 f.Kr.
I 1905 vart Noreg eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Bremanger kommune.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login