Om %1 i kulturhistorisk leksikon

Tysdag 13. mars 1945 fall løytnant Atle Svardal i skotveksling med Gestapo-menn og tyske soldatar. Han var vaktmann på ein illegal radiosendar i fjellsida eit kort stykke opp frå garden Breivik nord i Flora kommune. Svardal vart gravlagd frå Florø kyrkje i august. Det stod æresvakt ved båra hans og fleire hundre menneske fylgde fridomskjemparen til siste kvilestaden. Namnet hans er med på fleire minnesmerke.
Tysdag 8. juni 1926 tok fru president Calvin Coolidge imot ein delegasjon kvinner. Ærendet deira var å overlevere ei gåve: - ein kopi av det godt kjende Baldisholteppet og ei presentasjonsbok.
Hans Egede - Grønlands apostel - reiste til Grønland i 1721 og var der til 1736. Gjennom heile perioden hadde han medarbeidarar i kortare eller lengre tid. Ein av dei var fødd i Leikanger; Albert Nilsson Top. Han var misjonsprest på Grønland i fire år.
Hyllestad har fem bedehus, i Skifjorden, på Sørbøvåg, Ramsgrø og Løland. Eit femte står på Gil, men det er ikkje lenger i bruk som bedehus.
1814. Merkeår i Noregssoga med mange avsnitt: Kielfreden, unionen med Danmark oppløyst, notabelmøtet på Eidsvoll, Riksforsamlinga på Eidsvoll, Grunnlova 17. mai, eigen norsk konge (i fem månader), krig med Sverige, konvensjonen på Moss og union med Sverige. ¿ Eidsvoll-møtet i februar fastsette at det skulle veljast utsendingar til ei riksforsamling frå amta (fylka) og militæravdelingane. Sogn og Fjordane hadde fem eidsvollmenn.
Vevring kyrkje var i minste laget då ho stod ferdig i 1846. Ei omfattande utviding var på tale rundt 1900, men arbeidet tok ikkje til før i 1944. Arbeidsleiaren for tømmermannsarbeidet var sløydlærar Lars Gjelsvik.
Selje kommune har tre bedehus: Nordstranda bedehus på Ytre Stadlandet, Nordpoll Samlingsheim i Nordpoll og Selje bedehus i hovudbygda. Hausten 1959 selde Selje Sparebank det gamle bankhuset sitt til Selje Indremisjonsforeining. Etter nødvendig ombyggingsarbeid vart huset vigsla som bedehus i 1965.
Året 1814 har stor plass i Noregssoga. Stikkord er: Kielfreden, unionen med Danmark oppløyst, notabelmøtet i februar, Riksforsamlinga på Eidsvoll, grunnlovsdagen 17. mai, eigen norsk konge (i 5 månader), krig med Sverige, konvensjonen i Moss, union med Sverige. Det viktigaste var Grunnlova. Hundre år etter, i 1914, feira landet grunnlovsjubileum. Mange stader reiste dei minnesteinar.
Teleutbyggjinga på Island tok til i 1906 med stor medverknad frå Noreg. Islendingane valde å dra nytte av røynslene frå telegraf- og telefonutbyggjinga i kyststroka på Vestlandet og i Nord-Noreg. Dei tilsette norsk byggjeleiar, og leigde i fleire år inn anleggsarbeidarar frå Noreg. I sesongen 1908 var Ola Taklo frå Sogn og Fjordane med. Ei tid etter fortalde han om ferda i "Fjordenes Blad" (Fjordabladet).
Selje kommune har tre bedehus, Nordstranda bedehus på Leikanger, Selje bedehus i Selje og Nordpoll Samlingsheim i Nordpoll. Samlingsheimen vart vigsla 22. mai 1965, dagen før bedehuset i Selje vart vigsla.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login