Accueil ›
Om %1 i kulturhistorisk leksikon
Hyllestad kommune har fem bedehus. Fire er i bruk: bedehuset på Ramsgrø, på Løland, i Sørbøvåg og i Skifjorden. Skifjord bedehus vart bygt i 1914. Gerhard Folkestad var bygningsmann, same mannen som eit par år før bygde Folkestad bedehus i dåverande Askvoll kommune.
Søren Jaabæk og bondevenene hans høyrer med til barnelærdomen for ein hjelmelandsbu førdd i 1941. Det stod om han i noregssoga "Vi ere en nasjon ..", og me høyrde om han i skulekringkastinga, midt på 1950-talet. Vrien på etternamnet, Neibekk, sette seg best fast i minnet ¿ fordi han, etter det me lærde, sa nei til det meste i Stortinget.
¿Han var den fremste strateg og utøvar av bureisingsarbeidet i si tid.¿ Eystein Gjelsvik, jordbruksmann, fødd i Vevring, leiar for bureisingsselskapet Ny jord i over 30 år, frå 1917 til 1950. Sommaren 1955 reiste dei ein minnestein over Eystein Gjelsvik. Steinen står på på Moldstad på Smøla.
Turen Raudeberg ¿ Kråkenes fyr har fleire interessante reisemål på vegen ut. I området like før fyret finn vi eit kvernhusanlegg, landingsstad med naust, hamneanlegget til fyret og gravstaden til Kråkenesbygda. Folket her ute fekk sin eigen gravstad i 1933.
Gaular kommune er ein av dei store kommunane i Sogn og Fjordane rekna etter bedehus. Frå Bjørvikstranda i vest til Viksdalen i aust finn me sju. Fem av dei er i bruk. Lundegrend bedehus står i bygda med same namn, i Sande sokn på vegen mot Førde.
Aurlandsvangen har ein gammal kyrkjestad oppe på Rygg. Kyrkjetufta og kyrkjegarden er framleis godt synleg. Olsokdagen 1956 vart det reist ein bautastein til minne om Ryggjakyrkja, ei kyrkje som stod der fram til ut på 1500-talet. Steinen har elles si eiga soge.
¿Jeg sender eder i dag en Tønde Torsk efter forlangende og der er nogle faa Brosmer i den..¿ Dette skreiv ein los på Utvær i Solund i 1903 til ein lensmann i Luster. Brevet viser handel mellom kysten og innlandet og det seier noko om ilåt ¿ tønner.
¿Eit mystisk brev¿. Det var overskrift i eit nummer av Gula Tidend våren 1994. Avisa hadde lagt merke til førstesida i Fylkesarkivet sitt magasin Kjelda; eit bilete av eit amerikabrev. Brevet var sendt frå Luster i 1877 og så kome tilbake fem månader seinare. Det spesielle var at brevet var uopna. Og det er det framleis (2011).
¿Noreg takkar deg Fjokla Demjanova, ærer deg og minnest deg ved å gje deg ein fredfull kvileplass i Noregs jord.¿ Med desse orda slutta tidlegare ordførar i Eid, Olav Os, talen sin i gravferda til den russiske statsborgaren, Fjokla Demjanova. Det var i 1950. Kven var ho?
Det irske postverket har gjeve ut to frimerke med tilknytning til vikingperioden i landet si soge, det eine i høve 1000-årsmarkeringa for Dublin i 1988, det andre i høve tusenårsmarkeringa for irsk myntslaging i 1997. Sogn og Fjordane hadde samband med Irland i vikingtida.
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker
