Om %1 i kulturhistorisk leksikon

1814. Merkeår i Noregssoga med mange avsnitt: Kielfreden, oppløysinga av unionen med Danmark, notabelmøtet på Eidsvoll, Eidsvollsforsamlinga, Grunnlova 17. mai, eigen norsk konge (i fem månader), krig med Sverige, konvensjonen på Moss, union med Sverige. ¿ Dei vanskelege åra 1808-1814 høyrer med i opptakten. I pinsehelga 1808 gjorde engelskmenn strandhogg på Kinn.
¿Soleis bryt me leggsperror, gutar. Klem på, dette nauvar ikkje meg!¿ Det var orda til kong Magnus Berføtt då han fall i Irland, 23. august 1103. Han tok tak i eit spyd som hadde gått gjennom begge låra hans. Kven var Magnus Berrføtt? Kva står det om ¿den siste vikingkongen¿ i eldre og nyare litteratur ? Andre spor? Noko i Irland? Har Magnus Berrføtt tilknytning til Sogn og Fjordane? Artikkelen presenterer nokre småplukk.
I Lavik har dei eit gravminne som skil seg ut frå dei andre. Det er kanskje det eldste på kyrkjegarden og det ligg som dørhelle i kyrkjetrappa. Innskrifta er framleis såpass lesbar at det let seg gjera å koma fram til kven si grav steinen i si tid truleg markerte.
¿Innskrifta på steinen skal fortelja seinare generasjonar at ungdomen i 1940 viste mot og stilte opp til forsvar av sitt land 9. april 1940. Innskrifta skal bera ein bodskap til komande generasjonar: ¿Vi skal tilgje, men ikkje gløyme.¿ Dette seier Hans Berge (1923-2005) mannen som reiste minnesteinen om krigsinnsats på plassen attmed Hyllestad kyrkje.
Eit kort stykke nedanfor kyrkja i Ålfoten står ein 4,5 m høg stein til minne om soldatar frå Ålfoten som var med i krigen 1807-1814. Bygdefolket omtalar han som "Bautasteinen". Ålfoten Ungdomslag reiste steinen i 1914. Innskrifta er særs fint hoggen.
Våren 1885 kunne folk på gardane ved Dalavatnet på Bremangerlandet ta seg fram til og frå sjøen i båt. Dei hadde bygt ein kanal på eige initiativ og for eigne pengar, etter at offentlege instansar hadde drive på med utgreiingar i 15 år. Ein søknad om fylkestilskot inneheld byggjehistorie.
Den 2. februar 2011 runda Fjord1 Sogn Billag 75 år. ¿ Ein vital 75 åring¿, uttalte konsernsjef i Fjord1-konsernet, Leif Øverland. Den ¿historiske tyngda og erfaringa til selskapet er bygd på innsatsen til kvar enkelt medarbeidar opp gjennom åra ¿ og er noko vi kan vere verkeleg stolte av¿, sa konsernsjefen. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har oppbevart Sogn Billag-historie i det eldste arkivet til billaget.
Bedehuset på Storebru - som har namnet Samlingsheimen - står tett attmed vegkrysset der vegen til Hyen og Nordfjord tek av frå riksvegen mellom Førde og Florø. Soga til Samlingsheimen går tilbake til 1934 då tanken om å byggja bedehus ved Storebru kom opp. Huset vart bygt og teke i bruk i 1942, men ikkje vigsla før i 1949.
Våren 1885 raserte eit steinras frå Kvithammaren gardstunet på Raudi. Ei kvinne omkom. Som ved eit under berga dei ni andre i huslyden livet. Dei skadelidne kom i stor naud. Soknepresten og lensmannen i Stryn oppmoda folk i Sogn og Fjordane og Bergen om hjelp.
Oldedalen fekk bedehus i 1924 med namnet Ljosheim. I 1935 vart bedehuset vigsla til kyrkjeleg bruk og etter kvart nemnt som bedehuskapell. I 1984 gav Olden sokneråd ut eit hefte om kyrkjene i Olden. Eit stykke handlar om Ljosheim, som i 1984 runda 60 år. Det er skrive av Oddvin Kvame. Her er stykket attgjeve slik det står i heftet. Mellomtitlane er innesette her.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login