Accueil ›
Om %1 i kulturhistorisk leksikon
Ølbollar og skåler, kanner, kjenger og staup, er namn på drikkekar som er laga av tre. Til høgtidene gjennom året og andre samkomer gjennom året og livet, høyrde heimebryggja øl med som ein viktig del av festen, og drikkekara vart sende rundt bordet frå munn til munn. Denne skikken heldt seg til tuberkulose-epidemiar førte til redsle for smitte frå slutten av 1800-talet.
I fleire hundre år var hovudbunaden sjølve grunnstamma i kledrakta. Den har sitt opphav i middelalderen og har fylgt klea gjennom skiftande tider, frå folkedrakter til bykjolar, fram til dagens bunadbrukarar. Den var meir normbunden og konservativ enn resten av klea. Hovudbunaden var bunden til høgt
¿Den Udvikling vor Dampskibsfart har havt her i Amtet, skyldes for en ikke uvæsentlig Del Kommandør Lous.¿ Desse orda stod i florøavisa Nordre Bergenhus Amtstidende då Hugo Fredrik Baldun Lous døydde 16. mars 1899. Kommandør Lous var administrerande direktør i Nordre Bergenhus Amts Dampskibe frå starten i 1858 til 1896. Lous gjekk under namnet Kommandøren. I 1891 vart Kommandøren heidra med namnet på eit nytt skip.
I fleire hundre år var hovudbunaden sjølve grunnstamma i kledrakta til kvinna. Den har sitt opphav i middelalderen og har fylgt klea gjennom skiftande tider, frå folkedrakter til bykjolar, fram til dagens bunadbrukarar. Hovudbunaden var meir normbunden og konservativ enn resten av klea.
Opp gjennom hundreåra har hovudpynten meir enn klea synt kven som var brur. Ho var "dronning for ein dag". Medan klea skifte med motane, bar brura hovudpynt og det som eventuelt høyrde med, anten det var krans og slør, eller krune og sølv. Det var ekstra stas å vera krunebrur. Jomfru Maria var føredømet.
De Heibergske Samlinger ¿ Sogn Folkemuseum har opphavet sitt i samlarverksemda til Gert Falch Heiberg, ein av dei store museumspionerane i Noreg. Han etablerte museet i 1909, då han gav si private samling av "sognske antikviteter" til det nyskipa Historielaget for Sogn, som også i dag eig museet. Gjennom stemma til sonesonen Gjert Heiberg, fortel Heiberg om seg sjølv og arbeidet med museet.
Lengst aust i Vik kommune ligg Simlenes, om lag ein times køyring frå Vik, og ein stad der mange vikjer nok ikkje har vore. Dei fleste tykkjer at siste kilometeren ned til fjorden er vel bratt og smal, men ingen problem sommarsdagen, og heller ikkje om vinteren, fortel Martin Simlenes 2008. Om somrane fer ekspressbåten Bergen-Flåm framom.
Sogn og Fjordane har to minnesteinar fylket sjølv har medverka til å få reist. Ein står i Holmen i Balestrand, reist i 1911 til minne om ein prest og ein fylkesmann som var med og skipa Fylkesbaatane. Det var på nære nippet at steinen vart flytta same sommaren han var komen opp, - på grunn av to bokstavar i innskrifta.
Ytrøyna, ei gruppe øyar, holmar og skjer, ligg nordvest av øya Kinn. På ei av øyane står kystfyret Ytterøyane fyr. Fyret vart sett i drift i 1881 og var bemanna fram til 1. mai 2004. I åra 1914-1928 var Theodor Skjelbred fyrvaktar.
Grensa mellom kommunane Jølster og Gloppen går ein stad på tvers av Våtedalen. Det står to grenseskilt attmed vegen. Dessutan står det ein eldre grensestein. Han er frå 1800-talet og markerer to grenser, grensa mellom Nordfjord og Sunnfjord og Jølster og Breim (tidlegare eigen kommune). I bygda Førde ved Breimsvatnet står ein endå eldre grensestein.
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker
