Folkelarm 2011

Folkelarm 2011

Folkelarm 2011
Folkelarm 2011
Dei beste damene, Folkelarm 2010 (foto: Eivind Kaasin)
Dei beste damene, Folkelarm 2010 (foto: Eivind Kaasin)
Torsdag 29.september - laurdag 1.oktober er det klart for årets Folkelarm på Riksscena i Oslo.

På Folkelarm sine heimesider kan ein lese at mønstringa er "et bransjetreff med mål om å markedsføre folkemusikkartister for den norske og internasjonale folke- og verdensmusikkbransjen. Folkelarm ble arrangert for første gang i Oslo i 2005, og har senere blitt arrangert årlig. Arrangementet eies og administreres av Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen." Riksscena på Schous kulturbryggeri er i år arena for seminara og konsertane under Folkelarm.

Nominasjonane til årets Folkelarmpris er no klare. Prisen vert delt ut på Riksscenen torsdag 29.september. Synnøve S. Bjørset frå Jølster er nominert i soloklassa for utgjevinga "Soli" (Ta:lik), saman med Dei beste damene (Åse Teigland og Anne Hytta). Karl Seglem frå Årdalstangen er nominert i open klasse for plata "Ossicles" (NORCD). Sigrid Moldestad frå Breim i Gloppen kommune fekk i fjor heidersprisen Årets Folkemusikar.

Folkemusikkarkivet kryssar fingrane for Synnøve S. Bjørset og Karl Seglem, og oppmodar samstundes alle om å ta turen til Oslo og Riksscena denne helga.

Folkelarm sine heimesider kan ein vitje her.

Folkelarm sin webcast er verdt å høyre på.

Eit døme frå folkemusikkarkivet sitt opptak av Synnøve S. Bjørset, Åse Teigland og Anne Hytta sin konsert under årets Førdefestival kan ein høyre her (lydprøve av lydarslåtten Tomasklokkene, spelt av Synnøve S. Bjørset).

Del artikkel

Del sida

Ajouter un commentaire

Le contenu de ce champ sera maintenu privé et ne sera pas affiché publiquement.
  • Les adresses de pages web et de courriels sont transformées en liens automatiquement.
  • Tags HTML autorisés : <h3> <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • Les lignes et les paragraphes vont à la ligne automatiquement.

Plus d'informations sur les options de formatage

En soumettant ce formulaire, vous acceptez la politique de confidentialité de Mollom.

Commentaires

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login