Accueil ›
Kari og Claus Kvamme fekk fylkeskulturprisen 2011
Kari og Claus Kvamme fekk fylkeskulturprisen 2011
Publisert av Per Olav Bøyum, onsdag 30.11.2011
Prisen går til eldsjelene bak Den norske bokbyen i Fjærland. Dette vart avgjort i hovudutvalet for kultur 29. november.
Det er ein fullt fortent pris ekteparet Kvamme får. Dei har vore nøkkelpersonar i etableringa og drifta av Den norske bokbyen i Fjærland. Det var den fyrste i sitt slag her i landet. Nokre år seinare vart det òg opna ein bokby i Tvedestrand.
I grunngjevinga fortel hovudutvalsleiar Nils Gjerland at det var eit heilt sentralt prosjekt Kari og Claus Kvamme sette i gang, og at det til slutt var eit enkelt og godt val å gje prisen til ekteparet, sjølv om det var mange andre gode kandidatar.
Les meir om Den norske bokbyen i Kulturhistorisk leksikon
Om Sogndal i kulturhistorisk leksikon
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker

