Folkemusikkperler frå Sogn og Fjordane - Karl Seglem si speleliste

Folkemusikkperler frå Sogn og Fjordane - Karl Seglem si speleliste

Karl Seglem (c) Oddleiv Apneseth
Karl Seglem (c) Oddleiv Apneseth
Karl Seglem (c) Oddleiv Apneseth
Karl Seglem (c) Oddleiv Apneseth
Fylkesarkivet si folkemusikkavdeling presenterer her ei ny speleliste med musikk frå fylket. Musikar, komponist og poet Karl Seglem frå Årdalstangen har sett saman ei speleliste på oppmoding frå folkemusikkarkivet.

Musikkavdelinga ved Fylkesarkivet har invitert ulike utøvarar og arrangørar med tilknytning til Sogn og Fjordane, til å lage spelelister med musikk frå fylket.

Karl Seglem er fødd på Årdalstangen, og er busett i Oslo. Han spelar tenorsaksofon og bukkehorn. Seglem har drive sitt eige plateselskap NorCD sidan 1991. Musikken til Karl Seglem er tufta på folkemusikk og jazz, og blir ofte kalla world jazz. Musikaren har slept 27 album. Han har mellom anna gjeve ut plater med duoen Isglem (med perkusjonist Terje Isungset) og trioen Utla. Siste utgjeving er Ossicles (2010). Elles har Seglem motteke fleire prisar og utmerkingar, mellom anna Buddy-prisen i 2010.

Karl Seglem er tingingsverkkomponist på årets Vossa Jazz. Seglem har valt å kalle tingingsverket «Som spor». Urframføringa er i Vossasalen på Park Hotel Vossevangen laurdag 31. mars kl. 18.00. Folkemusikkarkivet oppmodar alle om å få med seg Vossa Jazz generelt, og tingingsverket spesielt!

Karl Seglem si speleliste:

1. Bufaste Tonar: Pao Frostdalsnosi (etter Karl Eldegard)

2. Sigmund Eikås: Springar

3. Unni Løvlid: Grisen Meig En Liten Skvett (etter Erik Folven Hjelledalen)

4. Håkon Høgemo: Bonden og Ingeniøren

5. Karl Seglem: Din Folketone

6. Synnøve S. Bjørset: Mottingalasset

7. Ragnar Vigdal: Kilden

8. Håkon Høgemo: Vetlebulken

9. Sigrid Moldestad: Gåta

10. Arne M. Sølvberg: Masurka etter Anders Reed

11. Seven Winds: Vind, Kom (Wind, Come)

12. Bufaste Tonar: Ro, Ro Te Fjorde (voggetone frå Årdal)

13. Sigrid Moldestad og Liv Merete Kroken: Bygdatråen

14. Gro Marie Svidal: Brureslåtten Hans Kjel Skjervheim

15. Karl Seglem: Folketone frå Lærdal

 

Høyr spelelista i Wimp.

Høyr spelelista i Spotify

 

Les meir om Karl Seglem her

Les meir om tingingsverket på Vossa Jazz sine heimesider

Les Nicholas H. Møllerhaug sitt intervju med Karl Seglem i siste utgåva av bladet Folkemusikk. Intervjuet er delt inn i tre delar: del 1, del 2, del 3.  

 

Om du ynskjer å høyre Fylkesarkivet sine lydopptak med utøvarar frå fylket, ta kontakt med musikkarkivar Erle Hind.

 

Høyr Hilde Bjørkum si speleliste her.

Høyr Gro Marie Svidal si speleliste her.

 

Kjelder: vossajazz.no og karlseglem.no

Del artikkel

Del sida

Ajouter un commentaire

Le contenu de ce champ sera maintenu privé et ne sera pas affiché publiquement.
  • Les adresses de pages web et de courriels sont transformées en liens automatiquement.
  • Tags HTML autorisés : <h3> <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • Les lignes et les paragraphes vont à la ligne automatiquement.

Plus d'informations sur les options de formatage

By submitting this form, you accept the Mollom privacy policy.

Commentaires

ingilizce türkçe çeviri

ingilizce türkçe çeviri yapmak için internet üzerinde bir site ziyaret edin ve çeviri yapın ve yoksa online burçlar ve online tarot tarot falı doğum günü Doğum Günü Mesajları fal bakmak için fal gerçek rüya tabirleri rüya tabirleri kapadokya gezi tanıtım bilgileri kapadokya ücretsiz evlilik sitesi evlilik sitesi hikaye ve öykü sitesi olarak hikayeler program film indir yeni en güzel resimler resimler ve bebek dinle canlı radyo dinle son olarak turizm

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login