Wikipedia Academy 2012

Wikipedia Academy 2012

23. april vart det tredje Wikipedia Academy arrangert i Noreg. Seminaret blir arrangert av Wikipedia Norge, og er den viktigaste dialogen Wikipedia har med omverda. I år var fokus på digital formidling og samarbeidet med ABM-sektoren (ArkivBibliotekMuseum). Både HKH Kronprins Håkon og grunnleggaren av Wikipedia, Jimmy Wales var til stades på delar av seminaret.

Wikimedia arbeider for å gjera kunnskap fri og tilgjengeleg
for alle menneske. På Wikimedia kan alle som ynskjer vera med å skriva eller
redigera artiklar om alle tenkelege tema. Alt som føregår på Wikipedia er ope
for alle.

I hovudsak var det to tema på seminaret: å få fleire i
kultursektoren til å skriva på Wikipedia, samt å få fleire til å dela bilete på
Internett. Det har vore vanskeleg til å få kultur-arbeidarar til å skriva på
Wikipedia. Dette skuldast mellom anna at Wikipedia ikkje har blitt sett på som
ein seriøs nok stad å legga ut fagartiklar. Dette synet er i ferd med å snu
seg, noko som var tydeleg mellom mange av føredragshaldarane. Bodskapet frå
fleire var tydeleg: Ta i bruk Wikipedia som ein viktig kanal for formidling.

Berre eit fåtal av artiklane på Wikipedia har gode
illustrerande foto. Det er ikkje lov å nytta andre sine foto utan løyve, då det
er Copyright på dei. Dei siste åra er det utarbeida ulike lisensar som ein kan
setja på bileta sine, såkalla Creative Commons (CC), for å visa at dei kan
nyttast av andre. Det er mange juridiske spørsmål som må setjast lys på i
vurderinga av kva kulturhistoriske foto som kan sleppast i det fri, og det er
vanskeleg for kulturinstitusjonane som sit på fotosamlingar å vurdera kva foto
dei evt kan setja ein CC-lisens på. Dei siste par åra er likevel ein del bilete
sleppte fri, og fleire kjem stadig til. Leiaren for Wikipedia Norge, Jarle
Vines, sa i oppsummeringa si etter seminaret at han oppfatta dagen som ein
revolusjon på line med då Wikipedia vart grunnlagt i 2001. Endeleg byrjar ulike
kulturinstitusjonar å bli klar for å sleppa fri foto for allmenn nytte.

Del artikkel

Del sida

Ajouter un commentaire

Le contenu de ce champ sera maintenu privé et ne sera pas affiché publiquement.
  • Les adresses de pages web et de courriels sont transformées en liens automatiquement.
  • Tags HTML autorisés : <h3> <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • Les lignes et les paragraphes vont à la ligne automatiquement.

Plus d'informations sur les options de formatage

By submitting this form, you accept the Mollom privacy policy.

Commentaires

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login