Olsok 29. juli

Olsok 29. juli

Peter Nicolai Arbo (1831-1892): ''Olav den Helliges død'' (1859)
Peter Nicolai Arbo (1831-1892): ''Olav den Helliges død'' (1859)
Vi feirar Olsok eller Olavsdagen 29. juli. Det er ein av våre offisielle flaggdagar som det er relativt lite merksemd om. I alle fall her i fylket. I Trøndelag derimot, og særleg rundt Trondheim og Stiklestad, er det mykje som skjer. Olavsfestdagene 28. juli - 5. august har eit omfattande program, med konsertar, foredrag, teater og utstillingar. http://www.olavsfestdagene.no/

I Sogn og Fjordane går det stillare for seg. Men også her vert dagen markert nokre stader. I Borgund stavkyrkje og besøkssenter blir det pilegrimsvandring og Olsok-gudsteneste. På Østerbø turisthytte i Aurland vert det foredrag om olsokfeiringa ved Oddrun Eriksdotter Drage.

Går vi nokre 10-år attende hadde olsokfeiringa eit adskillig større omfang. I fleire år på 1930-talet og framover samlast til dømes opp mot 1000 menneske til olsok-stemne ved steinkrossen i Korssund i Gulen.
Les om olsok-stemna i Korssund og andre artklar knytt til Heilag Olav i Kulturhistorisk Leksikon:

Olav den heilage - Olsokstemna i Korssund
Søndag 28. juli 1929 strøymde folk til Korssund. I alt 6-800 menneske samla seg til den første olsokstemna ved den store steinkrossen der. - Artikkelen er todelt, første delen handlar om bakgrunnen for olsokstemne kring 1930, den andre om olsokstemna i Korssund.
http://www.fylkesarkiv.no/kl/detalj/?id=102980

Olav den heilage - Bakhaldsangrepet i Sauesund
Snorre fortel at Olav Haraldsson (den heilage) reiste frå England til Noreg hausten 1015 for å vinna kongsmakta i landet og halda fram med misjonsarbeidet for kristendommen som Haakon den gode og Olav Tryggvason hadde byrja. Skipa hans kom ut av kurs og nådde land i Selje. Herifrå siglde dei sørover gjennom Ulvesundet og møtte Håkon jarl Eiriksson i det tronge sundet Sauesund ved Atløy i Askvoll. Denne artikkelen inneheld Snorre si forteljing om hendinga i Sauesund og ei kort innleiing om Olav den heilage og Snorre.
http://www.fylkesarkiv.no/kl/detalj/?id=103500

Olav den heilage - Kolbein sterke og Dalegudbrand
Kapittel 112-114 i Snorre Sturlason sitt sogeverk Heimskringla, handlar om Olav den heilage sitt møte med bondehovdingen Dale-Gudbrand på Hundorp i søre Fron i Gudbrandsdalen. Ein av hovudpersonane var Kolbein sterke frå "Fjordane". Denne artikkelen inneheld høgdepunktet i forteljinga etter to korte avsnitt om Olav den heilage og Snorre Sturlason.
http://www.fylkesarkiv.no/kl/detalj/?id=104100

Olav den heilage - Olavs-kjelde på Røysa
Kong Olav Haraldsson fall i slaget på Stiklestad 29. juli 1030. Eitt år seinare vart kongen gjort til helgen og vart seinare kjend som Olav den heilage. Det voks etter kvart fram ei omfattande Olav-dyrking. Kultusen kom mellom anna til uttrykk i forteljingar om merkelege hendingar, Olav-skulpturar og Olavs-kjelder med lækjande vatn. På garden Røysa i Leikanger hadde dei tidlegare ei Olavs-kjelde.
http://www.fylkesarkiv.no/kl/detalj/?id=112451

Olav den heilage - segn frå Gulen
Olav Haraldsson var konge i Noreg i åra 1015-1030. Han fall i Slaget på Stiklestad 29. juli 1030. Året etter vart han erklært heilag og etter kvart dyrka som helgen i mange land. Det oppstod mange Olav-segner. To felleselement i desse segnene er guddommeleg kraft og overnaturlege hendingar. Segna her er knytta til Gulen.
http://www.fylkesarkiv.no/kl/detalj/?id=107180

Olav den heilage - Skulptur frå Fresvik
Olav Haraldsson fall i slaget på Stiklestad 29. juli 1030. Eitt år seinare vart kongen gjort til helgen og seinare kjend som Olav den heilage. Etter kvart voks det fram ei omfattande Olav-dyrking. Kultusen kom mellom anna til uttrykk i forteljingar om merkelege hendingar (Olav-segner), Olavskjelder med lækjande vatn og skulpturar. Ein av dei best kjende Olav-skulpturane opphavleg i Fresvik.
http://www.fylkesarkiv.no/kl/detalj/?id=20619

Del artikkel

Del sida

Ajouter un commentaire

Le contenu de ce champ sera maintenu privé et ne sera pas affiché publiquement.
  • Les adresses de pages web et de courriels sont transformées en liens automatiquement.
  • Tags HTML autorisés : <h3> <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • Les lignes et les paragraphes vont à la ligne automatiquement.

Plus d'informations sur les options de formatage

En soumettant ce formulaire, vous acceptez la politique de confidentialité de Mollom.

Commentaires

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login