Bruk og tilgjenge

Innsyn og bruk

Nokre privatarkiv kan vere heilt eller delvis sperra for ålmenn bruk. Reglane er som for offentlege arkiv når det gjeld innsyn i dokument som inneheld teiepliktige opplysingar. For privatarkiva gjeld det dessutan at arkiveigar har høve til å bestemme bruk og innsyn. Dei fleste arkiva er likevel opne for publikum.

Bruken av arkiva er gratis og lesalen er open for alle. Det er òg mogeleg å tinge digitale kopiar av arkiv, og få desse tilsendt elektronisk.

Det finst fleire inngangsdører til privatarkiva:

- Arkivkatalogen
Database med oversyn over privatarkiv registrerte av Fylkesarkivet. Dei fleste er oppbevarte i magasina våre på Leikanger, men ein del finst òg i bibliotek, lokalhistoriske arkiv og museum rundt om i fylket. Det varierer ein del kor mykje informasjon som er lagt inn for dei einskilde arkiva. For mange finst det ein kort historikk om arkivskapar og ei liste med innhaldet i arkiva, andre er berre registrerte med namn og kommunetilhøyrsle.

- Lag og organisasjonar med arkivopplysingar
Database med opplysingar om lag og organisasjonar i Sogn og Fjordane og deira arkivmateriale. Opplysingane kjem frå ei kartlegging som vart gjennomført på byrjinga av 1990-talet. Omfattar kring 6000 lag og organisasjonar frå heile fylket. Ein del av arkiva er oppbevarte i magasina våre på Leikanger, men i hovudsak er dette materiale som ikkje finst hjå Fylkesarkivet. Bruk arkivkatalogen for oppslag i arkiva vi oppbevarer.

- Digitaliserte protokollar/bøker
Søk i det digitaliserte materialet frå Fylkesarkivet. Førebels er det ikkje mogeleg å avgrense til privat arkivmateriale, men det finst søkeinngangar på kommune og arkivskapar. For privatarkiv er det i hovudsak møtebøker frå arbeidarpartilag i Sogn og Fjordane som har blitt skanna og lagt ut på Internett.

- Amerikabrev
Database over Amerikabrev i Fylkesarkivet. Opplysingar om kvart brev: avsendar, mottakar, datering, innhald med meir. Omfattar kring 3000 brev, også frå andre land enn USA.

- Arkivportalen
Ein felles søkeinngang til katalogane for fleire arkivinstitusjonar, til dømes Riksarkivet, statsarkiva og Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek. Førebels (pr. 01.01.2011) finst det få privatarkiv frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, men på sikt skal arkivportalen bli ein oppdatert katalog med opplysingar om alle arkiva våre.

 

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login