Accueil ›
Fylkesatlas
Er du interessert i å lære om historia til heimstaden din? Då kan Fylkesatlas vere eit godt utgangspunkt.
I karttenesta Fylkesatlas har Fylkesarkivet lagt inn lenker til dei delene av innhaldet vårt som er kartfesta. Du vil mellom anna finne stadnamn, artiklar i kulturhistorisk leksikon, bilete og freda bygningar.
I Fylkesatlas kan du finne fram til kommunen din. Ved å klikke på dei ulike vala under menypunktet kultur og historie kan du velje kva kategoriar du vil vise i kartet. Ved å klikke på kikkerten i verktøylina kan du markere dei treffa du ynskjer å sjå nærare på.
Fylkesatlas er utvikla i eit samarbeid mellom fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune.
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker

