Accueil ›
Aktuelt
|
(02.12.2012)
Kine Svori frå Jostedal i Luster bidreg med låt nummer to i musikkavdelinga sin julekalender.
|
|
(01.12.2012)
Inspirert av folkemusikk.no sin adventskalender, har Fylkesarkivet si musikkavdeling invitert utøvarar knytt til Sogn og Fjordane, til å bidra med kvar si luke i julekalenderen for 2012.
|
|
(30.11.2012)
Folkesongar Unni Løvlid og glasduoen Draup turnerer Sogn og Fjordane i desember.
|
|
(29.11.2012)
Årets vinnar av Grappas debutantpris er den tjueto år gamle spelemannen Erlend Apneseth frå Jølster i Sunnfjord.
|
|
(28.11.2012)
Tysdag 27. november vart arkiv frå sentraladministrasjonen i Flora overflytta frå Flora kommune til Fylkesarkivet. Fylkesarkivet skal ordna arkivet som er danna i perioden mellom 1964 og 1993. Sidan skal det avleverast til depot på Fylkeshuset.
|
|
(16.11.2012)
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane vart stifta i 1983, men allereie i 1936 vart tanken om eit felles kommunearkiv for alle kommunane i fylket opp til diskusjon i eit kommunestyremøte i Eikefjord kommune.
|
|
(15.11.2012)
Sogn spel- og dansarlag og Jostedal spel- og dansarlag skipar til folkemusikkhelg i Jostedal laurdag 17. og sundag 18. november.
|
|
(14.11.2012)
Fylkesarkivet har motteke eit eksemplar av den fyrste komplette bibelomsetjinga til dansk, trykt i 1550. Bibelen vart i 1982 gjeve til det som då var Sogn og Fjordande Distriktshøgskule. Ynskje om å oppbevare boka i eit tryggare lokale har no ført ho til Hermansverk.
|
|
(07.11.2012)
Dei to eldste formannskaps/kommunestyreprotokollane, 1922 – 1937, vi har motteke frå Sør-Vågsøy, er no digitaliserte og ligg på heimesidene våre.
|
|
(05.11.2012)
Prosjektleiar for 250-årsjubileet for Sogn og Fjordane fylkeskommune, Edvin Helgheim, ynskte velkomen til dei 48 frammøtte. Programmet for dagen var å presentere dei første to banda i fylkessoga og Flora si nye bygdebok.
|
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker
