Heim ›
Om Aurland i kulturhistorisk leksikon
Undredal kyrkje er ei stavkyrkje frå midten av 1100-talet. Kyrkja, som har 40 sitjeplassar, har sidan byrjinga av 1700-talet vore kledd med liggjande panel. Ho vert rekna for den minste i Norden. Undredal kyrkje er soknekyrkje for Undredal sokn som i 1999 talde 116 medlemer, det nest minste soknet i fylket og bispedømet.
Bakka kyrkje er ei langkyrkje i tre som ligg i grenda Bakka ved Nærøyfjorden. Kyrkja, som har 200 sitjeplassar og er teikna av arkitekt Christian Henrik Grosch, vart vigsla 11. mai 1859. Då vart Nærøy eit eige sokn i Aurland prestegjeld, skilt ut frå Underdal sokn. Nærøy sokn er det minste soknet i Sogn og Fjordane fylke og i Bjørgvin bispedøme med 104 medlemer i 1999. Eit vanleg år er det eitt eller to dåpsborn og det same talet konfirmantar.
Rygg ligg like ovanfor Aurlandsvangen. Her ligg tomta etter ei stavkyrkje som truleg vart bygd kring år 1130. Området nærmast kyrkjetomta, mot vest og sør, var kyrkjegard i mange hundre år, fram til 1806.
Fjellgarden Østerbø i Aurdalen fekk eigen kyrkjegard i 1858. Han var i bruk til 1911, då den siste vart gravlagd der. Men alt tidlegare gravla dei folk der oppe.
Aurland har mange fjell og fjordar. Skulevegane før var gjerne lange, og kunne vera farlege om vinteren. Såleis vart det mange skulekrinsar, med "pendlande" lærar og kortare skuleveg for borna.
Onstad var tidlegare sentrum i Aurland. Her budde lensmannen, og her var tingstaden. Her ligg hovudbygningen på garden og Lensmannsstova.
Prestegardsnaustet er ein av dei eldste bygningane på Aurlandsvangen, eit stort, romsleg naust med plass til fleire båtar. Det ligg i eit nærast urørt strandområde i sentrum.
Lokalhistorisk senter held til i det gamle Heradshuset på Aurlandsvangen. Senteret tilbyd ei rekkje utstillingar og tenester til publikum. Av tenester kan nemnast hjelp med slektsforsking og søk i fotoarkiv. Senteret vart opna i 1994.
I den katolske tida og lenge etter reformasjonen 1536, hende det at døde vart gravlagde under kyrkjegolvet. Vangen kyrkje i Aurland vart bygd på 1200-talet. Ved ein omfattande kyrkje-restaurering i 1926 vart gravlagde under kyrkjegolvet her tekne opp og flytta til ei fellesgrav på kyrkjegarden. Ein høg minnestein markerer grava.
Tett attmed vegen i Gudvangen står ein minnestein over matros Andrias Bryn, fødd 1918. Han reiste til sjøs før krigsutbrotet i 1939 og miste livet i ei forferdeleg eksplosjonsulukke på hamna i Algér i juli 1943. Folket i Nærøydalen reiste minnesteinen i 1946.
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker
