Heim ›
Om %1 i kulturhistorisk leksikon
I Nordfjord finst det tre minnesteinar om ufredsåra 1807-1814; på Nordfjordeid, i Ålfoten og i Randabygda. Steinen i Randabygda står attmed kyrkja. Han vart sett opp til minne om randabygdarane som var ute i krigsteneste mot Sverige.
Rolv Lorentz Muri (1921-1992) sin kunst er best kjend i traktene kring Olden og Stryn, men han er mellom dei beste kunstnarane innafor den moderne kunsten her i landet. Han høyrer til dei beste kunstnarane frå fylket i denne sjangeren saman med Gunnar S. Gundersen, Ludvig Eikaas, Oddvar Torsheim, Kjartan Slettemark og Knut Rumohr. Mykje av kunsten hans er i privat eige og han er representert i fleire sentrale kunstmuseum i Noreg.
Generalmajor Ole Elias Holck, fødd i 1774 i Leirvik i Sogn, vart alt i 15 årsalderen militær. Under Napoleonskrigane tenestegjorde han i Danmark, og han vart seinare både Eidsvollsmann og utsending til Stortinget i fleire periodar.
Like ovanom tunnelen ved Fossøygjelet står retningsskilt til Fossøy og attraksjons-skiltet Flaummerke. Vegen opp dalen gjekk tidlegare tett forbi husa i Fossøy-grenda, men vart omlagd og samstundes bygd som elveførebygging etter storflaumen i 1979.
Ved tusenårsskiftet 1900-2000 vart dei fleire stader reist tusenårssteinar. I Holsen reiste dei ein slik stein på tusenårsstaden i bygda, eit friområde nedom kyrkja mot vatnet.
Den 15. mai 2005 vart det avduka ein markeringsstein for ei maritim storhending i Måløy sommaren 2008. Byen er endepunkt på første "leg" i gigantregattaen Tall Ships' Races. Om lag 100 seglskuter er med og så mange som 50 000 menneske er venta til Måløy kvar dag arrangementet varer. "Det er sjøens OL som kjem til Måløy", sa ordførar Roger B. Silden då nedteljingsuret på markeringssteinen vart sett i gong 9. september 2005.
Lars Norevik (1892-1949) var bygdeutviklar i Ortnevik. Han gjekk i gang med båtbyggjeri, han bygde elektrisitetsverk, han heldt yrkesskule, og han teikna og bygde Ortnevik kyrkje.
I april år 1900 reiste Ole Johannsson Hovland til Amerika. Han hadde fire sysken. Hansine utvandra i 1903; dei tre andre i 1910. Alle var fødde på husmannsplassen Sutarvika. I 1954 sende dei pengar til eit minne om Marie Farsund Kvamme i Vadheim. Dei hadde hatt brevbyte med henne i årevis, og dei hadde sett stor pris på det.
Den 3. februar 1940 gjekk D/S "Hop" frå Bergen i ballast til England. Båten kom aldri fram Tre veker seinare hadde Firda Folkeblad ei kort melding med overskrifta "Bergensbåt med 17 mann sakna." Kapteinen var frå Askvoll. Det skulle gå fleire år før kona hans i Askvoll fekk kjennskap til kva som hadde skjedd. Ho måtte finna det ut sjølv.
Den 8. mai 1944 arresterte Gestapo den 20 år gamle jenta Gerd Svanhild Håland i Høyanger. Under ein rassia hadde dei funne nokre skjemteviser om tyskarane i dagboka hennar. Ho vart send i fangenskap i Tyskland og kom ikkje heim att. Det var alltid sidan vore eit ope spørsmål kva som skjedde med henne. Etter årelang gransking har Erik Dahlin tru på at han har funne svaret.
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker
