Om %1 i kulturhistorisk leksikon

Joranger kyrkje er langkyrkje i tre som står på Joranger i Luster kommune. Kyrkja, som har 85 sitjeplassar, vart truleg bygd på 1620-talet, men 1660 vert rekna som byggjeåret av mange. Joranger var tidlegare eit eige sokn i Hafslo prestegjeld, men vart slått saman med Fet til Fet og Joranger sokn. Dette skjedde i samband med at Fet og Joranger vart overført til Jostedal prestegjeld frå 1. januar 1967.
Hellevik bedehuskapell ligg i bygda Hellevik på sørsida av Dalsfjorden i Fjaler kommune. Det har 120 sitjeplassar og vart vigsla 1. oktober 1978 av prost Anders Myklebust. To lokale menn, Johannes Brendehaug og Jonas Lone, var arkitektar. Bedehuskapellet vart bygt i ei tid då Hellevik høyrde til Holmedal sokn, med soknekyrkje på nordsida av Dalsfjorden. I 1991, då nordsida av Holmedal vart overført til Askvoll prestegjeld, vart Hellevik innlemma i Dale sokn i Fjaler prestegjeld.
Det første fylkeskommunale sjukehuset i Sogn og Fjordane stod ferdig i Florø i 1933. Det hadde sitt grunnlag i det gamle Raudekross-sjukehuset frå 1926, som igjen var grunnlagt på eit fiskarsjukehus frå 1865. Ein samla by har kjempa for å halde sjukehusdrifta oppe. Dermed har sjukehuset styrkt Florø sin identitet. I 1995 vart sjukehuset ei avdeling under Sentralsjukehuset i Førde.
Ervik kyrkje er er ei langkyrkje i mur som ligg i Ervika, langt ute på Stadtlandet i Selje kommune. Kyrkja, som har 150 sitjeplassar, vart vigsla 14. juni 1970 av biskop Per Juvkam. Arkitektane Arnstein Arneberg og Olav Platou laga teikningane. Frå 1. januar 1997 er Ervik eit eige sokn i Selje prestegjeld. Fram til dess hadde Ervik hatt status som kapell.
Daae-slekta reknar sine anar frå Jonas Edvardsen (Jon Effuertsen) som var byborgar i Trondheim (d. 1683). Han hadde to barn som levde opp. Den eine fekk god utdanning ved Katedralskulen og vart immatrikulert ved universitetet i år 1700 under navnet Anders Jonæsen Daae. Frå han stammar den borgerlege slekta Daae i Noreg.
Garden Hellevik ligg ved Stongasundet like nord for Stavang i Flora kommune. Frå slutten av 1600-talet til sist på 1800-talet vart det drive gjestgiveri og ein del handel her. Enno er det spor att etter den gamle gjestgjevarstaden.
Forfattaren Sigurd Kvåle (1902-1962), fødd i Sogndal, var i mellomkrigstida ein av dei fremste novellistane på nynorsk i landet. Han skreiv òg romanar, barneforteljingar og lyrikk. Sogndal bibliotek har mange av bøkene hans og ei samling bokmeldingar m.m.
Kringsjå Hotell og Leirskule ligg på eit høgdedrag over Balestrand sentrum. Frå gammalt av var dette ein villa i drakestil. Det var ein amerikansk lege og kunstmålar som bygde huset i 1904. Seinare kom eigedommen over på lokale hender og vart nytta til pensjonat, hotell, leirskule og restaurant. Ei tid hadde lensmannen i bygda kontor her.
Ut frå gamle jordbruksteljingar og statistikkar ser ein at ein kunne hente svært mykje av vinterfôret frå hagemarka og utmarka. Mange stadar i Luster, og kanskje spesielt på sørsida, sytte lauvet for brorparten av vinterfôret. Å bruke lauv som for har svært lange tradisjonar både i Luster,
Bjørkehagar er utvikla på marginale jordbruksområde, ofte der to eller fleire haustingsmåtar er kombinerte. Den viktigaste driftsforma var ein kombinasjon av beiting og lauving av trea. Men hagemarkene vart også ofte slått, noko ein i dag tydeleg ser på opplegg av små rydingsrøyser. På Kroken ser ei

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login