150 år sidan Henrik Angell vart fødd

150 år sidan Henrik Angell vart fødd

Henrik Angell
Henrik Angell
I mars var det 150 år sidan Centralforeningen for Udbredelse af Legemsøvelser og Vaabenbrug, forløparen til Norges Idrettsforbund, vart skipa. Same år vart det fødd ein gut i Luster som skulle få mykje å seie for utbreiinga av skiidretten, både i Noreg og i utlandet.

Henrik Angell vart fødd 22. august 1861, og budde dei fyrste åra av livet sitt på Kvåle i tettstaden Dale. Interessa for skigåing vart tidleg kveikt hjå Henrik. I 1884 kryssa han Hardangervidda på ski. Det skjedde same år, og før den meir namngjetne turen til Fridtjov Nansen.  

Etter fullført offisersutdanning fekk han arbeid i generalstaben, men det urolege lynnet hans høvde dårleg for ein kontorjobb.

I 1893 sette Henrik kursen for Balkan. Han var full av beundring for folket i Montenegro, som i fleire hundreår hadde sloss mot tyrkarane, og såleis klart å behalde fridomen sin. Angell introduserte skisporten i Montenegro, og har framleis heltestatus i landet.

Også andre land fekk nytte av tenestene til Henrik. Som frankofil nølte han ikkje lenge då han fekk ein førespurnad om å lære opp dei franske alpetroppane i skibruk. Roy Andersen, biografen til Angell, meiner at det er dekning for å hevde at Henrik var med på å innføre skisporten i Frankrike.

I Noreg farta Henrik land og strand rundt for å vekkje til live interessa for skigåing. For det stod visstnok dårleg til med skidugleiken på den tida. Frå Sogn rapporterte Henrik at: “Andre end enkelte rypejægere, Justedøler og endel af den ‘konditionerte ungdom’ kan ikkje siges at forstaa sig paa skiløbning, og det uagtet man overalt har den ypperligste anledning til at øve skiidrætten”. Foredraga til Henrik var svært populære, og gav støyten til stiftinga av fleire skilag i Sogn.

Les meir om Henrik Angell i kulturhistorisk leksikon:
- Minnestein over Henrik Angell
- Nynorsk i Sogn og Fjordane - Svartfjellsønerne

Del artikkel

Del sida

Legg til kommentar

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Tillatne HTML-kodar: <h3> <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.

Meir informasjon om formatering

Når skjemaet vert sendt inn, aksepterer du samtidig Mollom sin privacy policy.

Kommentarar

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login