Besøk av DIS-Sogn og Fjordane på Fylkesarkivet
Besøk av DIS-Sogn og Fjordane på Fylkesarkivet
Interessa for slektsforsking svinga seg opp etter at NRK tidlegare i år sendte serien “Hvem tror du at du er”, der kjente personar fekk nøsta opp ætta si. Ei spanande side ved programmet var at me kom tett inn på einskildpersonar. Beingrinda - som Per Sandal kalla basisinformasjonen om menneske, som fødselsår, giftarmål og born - vart kledd på med bilete, historier og opplysingar som gjorde dei levande og fargerike.
Det er tvillaust at dei viktigaste kjeldene for slektsforskarar er kyrkjebøker, folketeljingar og skiftemateriale. Men når dei biografiske kjerneopplysingane er på plass, vil mange finne det vel så interessant å fortsetje slektsgranskinga med å veve fram dei levde liva. Var bestefar med i lokalt styre og stell? Kva kan ei skuledagbok fortelje om livet til oldemor? Kva kan ein landhandelprotokoll frå 1800-talet vise oss om forbruk og sjølvberging i tidlegare tider?
DIS-Sogn og Fjordane fekk ei innføring i det digitale tenestetilbodet til Fylkesarkivet, med fokus på fotografi og kommunale møtebøker, før det vart omvising i magasinet og høve til å studere eit utval framlagde kjelder frå både offentlege og private arkiv.
Kommentarar
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker


Legg til kommentar