Førde til Sogn
Førde til Sogn
Det er eit stort arbeid Førde kommune har å gjera med å klargjera arkivet til avlevering. Cecilie Astrup Bustad og Marit Anita Skrede frå Fylkesarkivet hadde torsdag møte med Marit Steinset (arkivleiar) og Jan Birger Moe (leiar for administrasjonsavdelinga og personalsjef) frå Førde kommune om dette. Arkivet må pakkast ned, og alt må listeførast etter retningsliner som er vedtekne av Fylkesarkivet. Dette for at me skal ha oversikt over kva som blir flytta, og for å gjera jobben meir overkomeleg når arkivet kjem inn til
Hermansverk.
I fylgje Arkivlova (§5-1) skal arkiv som ikkje lenger er i bruk for administrative formål, avleverast til arkivdepot. Det er strenge krav til eit arkivdepot, mellom anna fysiske krav til lokalet og at publikum skal ha tilgjenge til avlevert arkivmateriale. Dette tilbyr Fylkesarkivet kommunane i Sogn og Fjordane. No er alle kommunane i fylket utanom Vik, Sogndal og Årdal med i denne depotavtalen.
Det er ein stor jobb som må gjerast med arkiva etter at dei er komne inn til Fylkesarkivet. Me jobbar stadig med å gjera tilgjengeleg arkiv frå kommunane. Oversikta over kva
som er registrert til no frå kvar kommune, finn du i arkivkatalogane. Samstundes blir det jobba med å digitalisera møtebøker frå kommunestyret og formannskapet frå alle kommunane. Parallelt går arbeidet med å laga eit register til desse møtebøkene.
Kommentarar
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker



Legg til kommentar