Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Fleire midlar til prosjektet «Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane»

Fleire midlar til prosjektet «Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane»

Jubileumsprosjektet «Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane» er blitt 150 000 kroner rikare. Søknaden gjekk gjennom nålauga hos Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.

Det har vore stor interesse for departementet (BLD) sine midlar til markeringar av
stemmerettsjubileet. Det kom inn om lag 280 søknadar på til saman 37 millionar
kroner. Departementet hadde 3 millionar å dele ut, og har vald å fordele dei på
32 ulike tiltak. «Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane» kom gjennom nålauget.

Utstillingsopning i mai

Musea i Sogn og Fjordane, Fylkesarkivet og kulturavdelinga i fylkeskommunen starta
planlegginga av dette prosjektet i fjor. I desember fekk prosjektet 100 000 kroner i støtte frå Fritt Ord, og med 150 000 kroner frå
departementet har prosjektet fått på plass det viktige økonomiske grunnlaget. Utstillinga vil bli produsert i tre eksemplar som vil vere knytte til musea i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord.  No vert det jobba intensivt fram mot utstillingsopning på Sogn Folkemuseum laurdag 4. mai.  Før den tid skal prosjektet blant anna ha på plass profilar av 26 ulike kvinner frå dei 26 kommunane i fylket.

Fylkesjubileet

Utstillinga som markerer kvinnestemmeretten vert også ein sentral del av markeringa av
fylkesjubileet. Kvinnene har vore med og prega fylket vårt, men deira stemmer kjem ikkje alltid fram i historiebøkene. Denne utstillinga spelar såleis ei
heilt sentral rolle i markeringa av fylkesjubileet.  

For meir informasjon om
prosjektet:




Del artikkel

Del sida

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login