Fotograf Knut A. Aaning (1880-1922) på Flickr

Fotograf Knut A. Aaning (1880-1922) på Flickr

"Opad, fremad!" Medlem i Innvik ungdomslag samla. Fotograf: Knut A. Aaning.
"Opad, fremad!" Medlem i Innvik ungdomslag samla. Fotograf: Knut A. Aaning.
Brurepar med gjester ca. 1900-1922. Fotograf: Knut A. Aaning.
Brurepar med gjester ca. 1900-1922. Fotograf: Knut A. Aaning.
Vi har lagt ut ei lita samling med bilete etter fotograf Knut Aaning frå Stryn på Flickr-profilen vår. Aaning jobba som fotograf i Oppstryn og nærliggjande bygder. Blant bileta som vi no har lagt ut til fri bruk på Flickr finn du mellom anna bilete av Innvik ungdomslag, Mindresunde Hotel og fleire store gruppebilete frå bryllaupsfestar.

Knut Aaning var fødd i Stryn 23. april 1880. Vi veit at han gjekk i lære som fotograf i Bergen, men vi veit ikkje hos kva fotograf han hadde læretida si. Frå ca. 1900 tok han til å jobbe som fotograf heime i Oppstryn. Når han døydde berre 42 år gamal i 1922 vart huset hans seld. Negativsamlinga hans som stod lagra i huset fekk dei nye eigarane med på kjøpet. I fleire tiår stod platesamlinga til Aaning lagra i kjellaren.  Men når huset så skulle rivast på 1960-talet vart platene flytta ut til revehagen. Her vart dei ståande i vel eit tiår framtil også revehagen vart riven.  Negativsamlinga til Aaning som opphavleg truleg talde tusenvis av glasplatenegativ enda då på søppelfyllinga. Dei 23 fotografia som vi har att i dag er nærast ein tilfeldig rest som har overlevd åra med dårlege lagringstilhøve, flytting og rivingsarbeid. 

Vatn og muggsopp har satt sitt preg på glasplatene, men til trass for den harde medfarten platene har fått opp gjennom åra vitnar dei likevel om at Knut Aaning må ha vore ein dyktig fotograf. Enkelte av dei store gruppebileta er knivskarpe: Når ein bles opp bileta kan ein studere bryllaupsgjestene sin klesdrakt og utsjånad i detalj.

Bileta på Flickr-profilen vår kan du laste ned i høg oppløysing og bruke som du vil. Send oss gjerne ein e-post eller legg inn ein kommentar om du har opplysningar til bileta. Vi vil gjerne vite kven som er på bileta og kvar dei er tekne.

Del artikkel

Del sida

Legg til kommentar

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Tillatne HTML-kodar: <h3> <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.

Meir informasjon om formatering

By submitting this form, you accept the Mollom privacy policy.

Kommentarar

Fotograf Knut A. Aaning (1880-1922) på Flickr | Fylkesarkivet

Good article. I will be experiencing some of these
issues as well..

ingilizce türkçe çeviri

ingilizce türkçe çeviri yapmak için internet üzerinde bir site ziyaret edin ve çeviri yapın ve yoksa online burçlar ve online tarot tarot falı doğum günü Doğum Günü Mesajlarıfal bakmak için fal gerçek rüya tabirleri rüya tabirleri kapadokya gezi tanıtım bilgileri kapadokya ücretsiz evlilik sitesi evlilik sitesi hikaye ve öykü sitesi olarak hikayeler program film indir yeni en güzel resimler resimler

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login