Fredrik Hope sine folkemusikkfavorittar - frå Nordfjord til Nord-Noreg

Fredrik Hope sine folkemusikkfavorittar - frå Nordfjord til Nord-Noreg

Fredrik Hope, Landskappleiken 2011 (foto: (c) Knut Utler)
Fredrik Hope, Landskappleiken 2011 (foto: (c) Knut Utler)
Fylkesarkivet si musikkavdeling har invitert fleire utøvarar og arrangørar med tilknyting til Sogn og Fjordane til å lage spelelister med musikk frå fylket. I dag er det felespelaren Fredrik Hope frå Hyen som deler musikktips, både frå fylket og elles i landet.

Fredrik Hope er fødd i 1993. Han er frå Hyen i Gloppen kommune, men har dei siste åra vore elev ved musikklinja på Firda på Sandane, der han hadde Arne M. Sølvberg som lærar. Dette skuleåret er han elev med Toneheim folkehøgskule, der han har fele/hardingfele som hovudinstrument og Vegar Vårdal som lærar. Fredrik Hope byrja å spele fele i Hyen Spelemannslag, og har vore med i Spelemannslaget Fjelljom og Gloppen hardingfelelag.

 

I tillegg til å være ein særs ivrig brukar av folkemusikkarkivet sine tenester, så har Fredrik Hope sytt for å auke Sogn og Fjordane folkemusikklag sine medlemstal. Han verva 11 nye medlemmar, og vann tidligare i år Folkemusikklaget sin vervekampanje. Les meir her. 

 

Fredrik Hope si speleliste:

1. Tindra: Ro ro håskjer (Moder Norge)

2. Erlend Apneseth: Gamlestovslåtten (Jølster 2012)

3. Arne M. Sølvberg: Kveikjaren, springar (Nordfjordslåttar)

4. Gjermund Larsen/Berit Opheim Versto/Norsk solistkor: Allsang: Salme (White Night: Impressions of Norwegian Folk Music)

5. Sigrid Moldestad/Einar Mjølsnes/Håkon Høgemo: Nygamaltgamaltnymaltgaltemylt … Å fyy! (GamaltNymalt)

6. Britt Pernille Frøholm: Springarar på nedstilt bas (For Allje Dei)

7. Sjur Hesjevoll: Ei sveisen jente (Hardingfelespel frå Jostedal)

8. Gro Marie Svidal: Springar etter Johannes Holsen (Hardingfele)

9. Synnøve S. Bjørset: Fanitullen (Slåttar)

10. Honndalsyausene: Du må’kje gifte deg Anders (Frie former)

11. Unni Løvlid: Når eg står her på dei høge nutar (Vita)

12. Sigmund Eikås: Brudeslått (Spel til dans)

13. Håkon Høgemo og Karl Seglem: Rosa (Utla)

14. Alfred Maurstad: Den frilynde (Klokken 24)

15. Susanne Lundeng: Ril frå Beiarn (Drag)

 

Høyr spelelista i Spotify (utvalet er avgrensa då strømmingstenesta Spotify ikkje har eit like breitt utval innan norsk musikk som den norske strømmingstenesta Wimp)

 

Fylkesarkivet sine eigne lydopptak av Fredrik Hope finn ein her (solo) og her (med duoen Hope og Storevik)


Om du ynskjer å høyre Fylkesarkivet sine lydopptak med utøvarar frå fylket, ta kontakt med musikkarkivar Erle Hind.

 

Høyr Synnøve S. Bjørset si speleliste her.

Høyr Karl Seglem si speleliste her.

Høyr Gro Marie Svidal si speleliste her.

Høyr Hilde Bjørkum si speleliste her.

Høyr Ingrid Stuhaug si speleliste her.

Del artikkel

Del sida

Legg til kommentar

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Tillatne HTML-kodar: <h3> <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.

Meir informasjon om formatering

Når skjemaet vert sendt inn, aksepterer du samtidig Mollom sin privacy policy.

Kommentarar

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login