Fylkeskappleiken 2012 i Stryn
Fylkeskappleiken 2012 i Stryn
Fylkeskappleiken er ei årviss tilskiping innan folkemusikk og folkedans, som går av stabelen kvar vår. I år er Spelemannslaget Fjelljom arrangør, og dei inviterer til Fylkeskappleik i Stryn kulturhus laurdag 14. april. Det vert tevling innan mange disiplinar, mellom anna spel solo fele/hardingfele, solo vokal, vokalgruppe, dans, lagdans, samspel, gruppespel, open klasse, lagspel og runddans/gamaldans. Spelemannslaget Fjelljom har dessutan vedteke å setje opp to nye vadrepremiar: ein (todelt) til beste dansepar, og ein til beste prestasjon i vokal.
Spelemannslaget Fjelljom si nyaste utgjeving vert òg lansert laurdag kveld.
Folkemusikkarkivet vil vere til stades for å dokumentere kappleiken på lyd og video, og oppmodar alle folkemusikk- og folkedansinteresserte om å ta turen til Stryn kulturhus i helga.
Les meir om Fylkeskappleiken på heimesidene til Sogn og Fjordane folkemusikklag.
Om Stryn i kulturhistorisk leksikon
Kommentarar
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker


Legg til kommentar