Glimt av historia om menneskje som fall utafor

Glimt av historia om menneskje som fall utafor

Slik var overskrifta i eit avisinnlegg Inge Fossheim, leiar i Eid råd for funksjonshemma, hadde i Fjordabladet 20.01.2011. Det handla om diskrimering av folk opp gjennom tidene. Han trekkjer til dømes fram korleis kvinner og personar med nedsette funksjonsevner har blitt behandla.

Inge Fossheim sitt perspektiv er viktig. Alt for ofte har ulike samfunnsgrupper blitt gøymt og gløymt, ikkje berre i si eiga samtid, men òg av historikarar.

Han skriv at ”menneskje med nedsette funksjonsevner skal ha rett til vanlege samfunnsgode, vanleg funksjon i arbeidslivet og i andre av menneskjelivet sine sektorar”. Dette kan synast opplagt i våre dagar, men dessverre er det nok framleis slik at mange grupper — av ulike grunnar — fell utanfor storsamfunnet, anten det gjeld arbeid eller sosial deltaking.

I vårt fylke har Norsk forbund for utviklingshemma (NFU) i Sogn og Fjordane i fleire tiår arbeidd for rettane til personar med nedsette funksjonsevner. Forbundet vart skipa i 1973 som Sogn og Fjordane fylkeslag av NFPU. I vedtektene frå 1977 står det i den fyrste paragrafen at forbundet skal ”arbeide for at samfunnet yter dei psykisk utviklingshemma full rettferd på line med alle andre norske borgarar.” Forbundet tok mål av seg å ”ta vare på interessene åt dei psykisk utviklingshemma, foreldra deira og andre pårørande andsynes styresmaktene” Vidare skulle kurs og opplysingsverksemd vere viktige oppgåver.

Dokumentasjonen som viser det viktige arbeidet NFU har gjort vart i fjor haust avlevert til Fylkesarkivet. Arkivet består i hovudsak av møtebøker og korrespondanse/sakstilfang. Det dekkjer omlag perioden 1970-2000. Arkivet er ikkje heilt komplett, men venteleg vil fleire protokollar og dokument verte avleverte etter kvart.

Del artikkel

Del sida

Legg til kommentar

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Tillatne HTML-kodar: <h3> <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.

Meir informasjon om formatering

Når skjemaet vert sendt inn, aksepterer du samtidig Mollom sin privacy policy.

Kommentarar

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login