Høyanger Samvirkelag
Høyanger Samvirkelag
Samvirketanken slo fyrst rot i England på 1840-talet. Nokre vevarar i Rochdale opna eit forbrukarsamvirke bygd på ein del grunnleggjande prinsipp. Mellom anna skulle det vere demokratisk kontroll, fordeling av overskot etter bruk, og kontant handel – ingen kreditt.
I Høyanger opna samvirkelaget dørene for fyrste gong i 1921. Initiativet kom frå Høyanger Faglege Samorganisasjon. Oppstartsåra må seiast å ha vore turbulente, med økonomiutfordringar og blokade frå private handelsmenn.
Men det gjekk raskt rette vegen. I 1921 omsette butikken varer for 363 000. Vel 30 år seinare var omsetjinga nær 3 millionar kroner. Medlemstalet var då kome opp i 1160.
Arkivet som er henta inn består av møtebøker, ein del rekneskap, foto og noko korrespondanse.
Litteratur:
- Høyanger Samvirkelag : 30 års beretning
- Wikipedia: Samvirkelag
- NRK Fylkesleksikon: Høyanger Samvirkelag
Om Høyanger i kulturhistorisk leksikon
Kommentarar
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker


Legg til kommentar