Høyanger Samvirkelag

Høyanger Samvirkelag

Butikkpersonale. Fotograf: ukjend. Datering: ukjend
Butikkpersonale. Fotograf: ukjend. Datering: ukjend
Arkivmateriale frå Høyanger Samvirkelag vart tysdag henta inn til Fylkesarkivet på Hermansverk. Butikken har ei lang og spanande historie. Førebels siste kapittel vart sett tidlegare i år, då det vart vedteke fusjon med Coop Vest.

Samvirketanken slo fyrst rot i England på 1840-talet. Nokre vevarar i Rochdale opna eit forbrukarsamvirke bygd på ein del grunnleggjande prinsipp. Mellom anna skulle det vere demokratisk kontroll, fordeling av overskot etter bruk, og kontant handel – ingen kreditt.

I Høyanger opna samvirkelaget dørene for fyrste gong i 1921. Initiativet kom frå Høyanger Faglege Samorganisasjon. Oppstartsåra må seiast å ha vore turbulente, med økonomiutfordringar og blokade frå private handelsmenn.

Men det gjekk raskt rette vegen. I 1921 omsette butikken varer for 363 000. Vel 30 år seinare var omsetjinga nær 3 millionar kroner. Medlemstalet var då kome opp i 1160.  

Arkivet som er henta inn består av møtebøker, ein del rekneskap, foto og noko korrespondanse. 

 

Litteratur:
- Høyanger Samvirkelag : 30 års beretning
- Wikipedia: Samvirkelag
- NRK Fylkesleksikon: Høyanger Samvirkelag

Del artikkel

Del sida

Legg til kommentar

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Tillatne HTML-kodar: <h3> <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.

Meir informasjon om formatering

Når skjemaet vert sendt inn, aksepterer du samtidig Mollom sin privacy policy.

Kommentarar

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login