Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Historiedag i Florø 2. november 2012

Historiedag i Florø 2. november 2012

Edvin Helgheim
Edvin Helgheim
Ola Svein Stugu
Ola Svein Stugu
Prosjektleiar for 250-årsjubileet for Sogn og Fjordane fylkeskommune, Edvin Helgheim, ynskte velkomen til dei 48 frammøtte. Programmet for dagen var å presentere dei første to banda i fylkessoga og Flora si nye bygdebok.

Hovudredaktør for 250-årssoga, Ola Svein Stugu, orienterte først. Han forklarte noko om metodane ein nyttar i slike verk. Han drog også dei lange utviklingslinene frå Gulatinget til dagens knutepunktakse Sogndal-Førde-Florø. Han kalla fylket for eit unntaksfylke med låg vekst, låg urbaniseringsgrad, men høg skår på kulturelle og sosiale indikatorar.

Harald Endre Tafjord frå Høgskulen i Volda, ein av medforfattarane, hadde kalla innlegget sitt "Var Harald Hårfagre sogning? Sogn og Fjordane og rikssamlinga". Han viste til arkeologiske funn og skaldekvad som kjelder. Maktsenteret låg i midtre Sogn. Konfliktnivået var høgt. Dette var truleg årsaken til utvandringa til Island. Sogn og Fjordane mista den sentrale posisjonen då kongen etablerte Bergen som by og flytta bispesetet frå Selja til Bergen.

Band to av fylkessoga skal skrivast av Jan Anders Timberlid frå Høgskulen i Sogn og Fjordane. Han orienterte om prosessen med deling av Bergenhus Amt til to i 1763 etter framlegg frå Joachim de Knagenhjelm frå Kaupanger. Han argumenterte med vanskeleg samferdsle og fekk gehør hjå kong Fredrik den 6. for dette.

Sist ut til å halde innlegg var Gaute Losnegård som fortalde om boka "Før byen kom - Flora si historie fram til 1860". Han har no skrive det første av to band Flora-soge. Boka er delt i fem delar: 1) Forhistoria til vikingtida 2) Mellomalder 3) Tidleg nytid 1520-1660 4) Svanøgods - opplysningstida 1660-1800 5) Den store grotida 1800-1860. Forfattaren gjekk raskt gjennom dei ymse delane. Programmet slutta med at Finn B. Førsund og Atle Døssland gjekk gjennom boka med kritiske blikk. Dei var begge svært nøgde med resultatet.

Del artikkel

Del sida

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login