Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Jubileumsprosjektet Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane får kr 100 000 frå Fritt Ord

Jubileumsprosjektet Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane får kr 100 000 frå Fritt Ord

Anna Herland frå Solund vart i 1956 fylkets fyrste kvinnelege ordførar.
Anna Herland frå Solund vart i 1956 fylkets fyrste kvinnelege ordførar.
I 2013 er det 100 år sidan Noregs kvinner fekk full stemmerett. Fylkesarkivet og Musea i Sogn og Fjordane vil i stemmerettsåret vise fram mangfaldet av kvinnestemmer frå fylket. Organisasjonen Fritt Ord trur på prosjektet og har difor løyvt kr 100 000.

 

Kvinner i fortid, notid og framtid

Gjennom fotoutstilling og digital formidling vil me setje
fokus på demokrati, likestilling, representasjon og samfunnsdeltaking. «Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane» vil
setje søkelyset på historia til våre formødrer, trekkje fram dagens kvinner,
deira kår og samfunnsdeltaking. Prosjektet vil samstundes hente fram kvinner
som representerer framtida både i form av alder, men også verdival som kanskje
både provoserer og skaper undring i ein tradisjonell likestillingssamanheng.

Kvinner frå heile fylket

Fotoutstillinga skal portrettere kvinner frå alle kommunar i fylket.
Kvinner frå Sogn og Fjordane har tradisjonelt ikkje gitt så høg lyd frå seg på
nasjonalt plan, men våre pionerkvinner har alle på sitt vis vore med å sette
sine spor, bana vegen for dei verdiane og den plassen kvinner i dag har, i
sine lokalsamfunn og som ein lekk i det store samfunnsbiletet. Målet er likevel
ikkje berre å trekkje fram dei «store», men også vise kvardagen og
samfunnsutviklinga gjennom dei låge stemmene og deira virke; fiskarkvinna,
husmannskona, jordmora, budeia,  husmorvikaren, osv. 


Opningsarrangement

Utstillingsopninga er lagt til 4.mai 2013 på Sogn Folkemuseum,
samstundes som Historiedagane vert arrangerte i Sogndal, og vil stå som eit
tilbod til deltakarane. Kvinnestemmerett er også eit sentralt tema på desse
fagdagane. Ei viktig levande stemme og sentral aktør vil vere artisten,felespelaren og historieformidlaren Sigrid Moldestad. 

Digitale ressursar

Ein viktig del av denne fotoutstillinga er tilleggsinformasjon, bakgrunnsstoff og kjelder som vi vil
samle og gjere tilgjengelege på nett. Vi vil legge til rette for at publikum kan få tilgang til dette gjennom ulike digitale verktøy under utstillinga, og
vi ser på det som svært viktig å få utvikla ei god nettside som kan leve og vere ein varig ressurs i fleire år fram i tid.

Fylkesjubileet og kvinnene

Prosjektet går innsom ein naturleg del av feiringa av 250-årsjubileet for Sogn og Fjordane fylke.
Vi ser føre oss at utstillinga vert ein sentral del av hovudmarkeringa i Leikanger 19. september.

Del artikkel

Del sida

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login