Konsert med Viken/Brimi i Jostedal 5.oktober
Konsert med Viken/Brimi i Jostedal 5.oktober
Jostedal spel- og dansarlag inviterar i kveld til konsert med duoen Viken/Brimi på Jostedal hotell. Billettar til konserten blir selde i døra. Inngang: kr 200.
Viken/Brimi har lada opp til turné med nominasjon til Folkelarmpris og to showcases på Folkelarm i helga. Deira andre utgjeving "Ho venta på rock" (ta:lik) vart lansert i sommar og no vil Viken/Brimi ut og møte publikum med repertoaret frå plata. Den fyrste plata, “Duo”, hausta gode kritikkar, og fekk Folkelarmpris i 2009.
Brimi frå Lom og Viken frå Oppdal er sterke tradisjonsberarar frå sine distrikt, og vidarefører tradisjonen som unge moderne spelemenn. Både Aslak og Erlend kjem frå folkemusikkfamiliar, og jobbar aktivt med å ta vare på og utvikle slåttemusikk frå tradisjonsområda deira. Slåttetradisjonane i Lom og Oppdal er utømmelege kjelder av spennande musikk, der stadig nye godbitar dukkar opp frå gløymselen. Musikarane utfordrar slåttane og former dei på sitt eige vis.
Erlend Viken | fele, oktavfele
Aslak Brimi | fele
Folkemusikkarkivet oppmodar alle interesserte om å få med seg konserten i Jostedalen i kveld, 5.oktober, kl. 20.00!
Les meir om konserten på folkemusikk.no og på Jostedal spel- og dansarlag sine heimesider.
Om Luster i kulturhistorisk leksikon
Kommentarar
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker


Legg til kommentar