Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane og konsert med Sigrid Moldestad

Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane og konsert med Sigrid Moldestad

Kvinnestemmer frå alle fylkets kommunar
Kvinnestemmer frå alle fylkets kommunar
Felespelaren, songaren og historieforteljaren Sigrid Moldestad
Felespelaren, songaren og historieforteljaren Sigrid Moldestad
100 år med allmenn stemmerett
Laurdag 4.mai 2013 står kvinnene i sentrum på De Heibergske Samlinger/Sogn Folkemuseum. Utstillinga Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane opnar, og Sigrid Moldestad, ei av våre mest kjende musikalske stemmer, held konsert. Ei spanande utstilling i bilete, ord og tonar.

100 år med allmenn stemmerett

I år kan vi feira at det er 100 år sidan norske kvinner fekk sin fulle og heile stemmerett. Kampen var lang og seig. Nye tankar om kvinna som fullverdig samfunnsborgar skulle tenkjast. Ære vera dei kvinner og menn som førte kampen og ikkje gav opp. Utstillinga er vår markering av Stemmerettsjubileet.

Kvinner i fortid, notid og framtid

Utstillinga byr på ei spanande historisk og geografisk vandring i fylket, frå mellomalderen til i dag, frå kvinner som vart brende på bål til dagens kvinner som erobrar samfunnsposisjonar og bryt grenser våre formødrer ikkje kunne sjå føre seg.

Pionerkvinner og kvardagskvinner frå heile fylket fortel si historie

Kvinnene i Sogn og Fjordane har tradisjonelt ikkje gitt så høg lyd frå seg på nasjonalt plan. Men også vi har «pionerkvinner» som har sett sine spor, bana vegen for dei verdiane og den plassen kvinner i dag har, i sine lokalsamfunn og i det store samfunnsbiletet.  Vi vil ikkje berre trekkja fram dei «store», men vise kvardagen og samfunnsutviklinga gjennom dei låge stemmene og deira virke; fiskarkvinna, husmannskona, jordmora, budeia, husmora og alle dei andre.  Nokre sprengde rammer, andre heldt seg innanfor dei.

Ei kvinne frå kvar kommune

Vi har valt ut ei kvinne frå kvar av dei 26 kommunane i Sogn og Fjordane. Slik blir utstillinga også ein naturleg del av 250-års feiringa til Sogn og Fjordane fylke.

Program 16.00 - 18.00

-Utstillinga vert opna av professor Ida Blom

-Konsert med Sigrid Moldestad.

-Kunstgruppa Kunst Utan Rom

-Plakatutstillinga Likestillingslandet Norge

-Enkel servering

Inngang : Billett kr 100.- Årskort  museet /barn kr 50. Førehandstinging: På museet eller dhs.resepsjon@misf.no. Billettane må hentast seinast kl 15.00

Utstillinga er eit samarbeid mellom Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Musea i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Del artikkel

Del sida

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login