Linjer i Landskapet - kraftoverføringens kulturminner

Linjer i Landskapet - kraftoverføringens kulturminner

Teikning av transformatorstasjonen i Svelgen. Henta frå arkiv SFF-2011149 Ytre F
Teikning av transformatorstasjonen i Svelgen. Henta frå arkiv SFF-2011149 Ytre Fjordane
Kroki (kartskisse) over Barlindbotten. Henta frå arkiv SFF-2011149 Ytre Fjordane
Kroki (kartskisse) over Barlindbotten. Henta frå arkiv SFF-2011149 Ytre Fjordane
Stortingsrepresentant Erling Sande opna 12. april ei spanande utstilling på Nordfjord Folkemuseum. "Linjer i Landskapet - kraftoverføringens kulturminner" er eit samarbeid mellom Norges vassdrags- og energidirektorat, Sogn og Fjordane Energi og Nordfjord Folkemuseum, og syner krafthistoria i Sogn og Fjordane gjennom 100 år.

Utstillinga er eit resultat av prosjektet "Linjer i landskapet", som munna ut i eit bokverk med same tittel. Det er overføringssystemet i kraftforsyninga som er vektlagt i dette prosjektet. Det set søkeljos på kraftleidningar og trafostasjonar som kulturminne. Eitt av dei utvalde er kraftlina Refsdal – Fardal i Sogn.

Prosjektet peikte ut i alt 42 leidningar og stasjonar med nasjonalt kulturhistorisk verde. I rapporten frå prosjektet vert det understreka at det vil vere utfordrande å sikra det historiske verdet i anlegga for ettertida. Vidare poengterer rapporten at "Et alternativ til fysisk vern som virkemiddel for bevaring, er dokumentasjon. Dette er en arkivmessig form for bevaring som gir materiale til forskning og historieformidling. [...] Dokumentasjon kan bestå av tegninger,
skisser, intervjuer, beretninger, beskrivelser, foto, oppmåling og kart."

På Fylkesarkivet legg me i desse dagar siste finpussen på ordninga av det eldste arkivtilfanget frå Ytre Fjordane Kraftlag. Dette er eit samarbeid mellom Fylkesarkivet og Sogn og Fjordane Energi. Materialet går attende til opprettinga av Ålfoten Interkommunale Kraftselskap i 1918. Nettopp lineutbygging var ei viktig del av arbeidet til selskapet i den fyrste perioden. I arkivet vil ein såleis finne mykje informasjon som vil utfylle og gje ei kunnskapsutviding til dei materielle minna.

 

- Nordfjord Folkemuseum
- Om utstillinga på NRK
- Kraftoverføringens kulturminner - rapport frå prosjektet
- "Verdens lengste kraftledningsspenn" - artikkel i Kulturhistorisk leksikon om spennet Rabnaberget - Fatlaberget

Del artikkel

Del sida

Legg til kommentar

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Tillatne HTML-kodar: <h3> <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.

Meir informasjon om formatering

By submitting this form, you accept the Mollom privacy policy.

Kommentarar

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login