Luster og lustringar for 100 år sidan – fotoutstilling på Sogn Folkemuseum

Luster og lustringar for 100 år sidan – fotoutstilling på Sogn Folkemuseum

Johan Rumohr Døsen dokumenterte livet på Døsen i åra rundt førre århundreskifte.
Johan Rumohr Døsen dokumenterte livet på Døsen i åra rundt førre århundreskifte.
"Thor i Helagåta" ved hoggestabben, ca. 1920. Fotograf: Samson Brathole.
"Thor i Helagåta" ved hoggestabben, ca. 1920. Fotograf: Samson Brathole.
Onsdag 2. mai kl. 19.00 opnar fotoutstillinga «Luster og lustringar for 100 år sidan» på Sogn Folkemuseum. Det er fotografi av den profesjonelle fotografen Samson Brathole, og amatørfotografen Johan Rumohr Døsen som vert presentert.

Samson Brathole var fødd på Dale i Luster i 1884. Han flytte til Bergen og utdanna seg til fotograf og i 1912 overtok han fotofirmaet ”H.P. Nilsen & Søn” i Arendal, saman med Selmer Norland. Dette dreiv dei til 1923. Då flytte Brathole attende til Bergen og starta firmaet ”Fotograf Skagen & Co”. Brathole tok bilete mange stader i gamle Luster kommune og i Jostedalen. Han drog i ei årrekke rundt og tok portrettfotografi. Samlinga med glasplater etter Samson Brathole kom som gåve til De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum frå Olav H. Lavoll sommaren 1979.

Johan Rumohr Døsen var fødd i Luster i 1869. Han var eldste son til Hans Rue Døsen, som i tillegg til å vera gardbrukar og landhandlar dreiv post og dampskipsekspedisjonen på Døsen. Johan dreiv alle desse aktivitetane saman med faren frå slutten av 1890-talet, og planen var at han skulle overta etter faren, men Johan døydde i 1906. Han var ein ivrig amatørfotograf og dokumenterte livet til familien på og kring Døsen i ei tid då fotografering mest var ein profesjonell aktivitet, og fotoamatørane var få. De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum fekk glasplatesamlinga etter Johan Rumohr Døsen i 1998, frå dottersonen Hans Haagenrud.

Alle glasplatene er digitaliserte av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. I samband med digitaliseringa ynskte museet og fylkesarkivet å få inn opplysningar om bileta og fekk framifrå hjelp av Luster sogelag. Sogelaget har gjort ein formidabel jobb med å skaffa fram opplysingar om svært mange av bileta i samlinga. Bjørg Hovland, som opnar utstillinga hadde ei sentral rolle i dette arbeidet.

Som takk for innsatsen fann museet og fylkesarkivet ut at dei ville gi sogelaget papirkopiar av nokre av bileta som dei kunne stilla ut. Då fotoarkivar Arild Reppen hadde laga desse i stort format, såg ein at dei hadde ein slik kvalitet at dei fortente betre enn å henga ei vekes tid på papplater. Luster Sparebank ga ei hjelpande hand, og tok på seg kostnadene med å få gitt alle bileta skikkeleg innramming. Utstillinga vart første gong presentert i det gamle bankhuset i Luster i 2008, og i sommar vil alle besøkande på museet få glede av ho.

Del artikkel

Del sida

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login