Ny bok om misjonæren Malla Moe

Ny bok om misjonæren Malla Moe

Malla Moe i 1949. Ho hadde då vore misjonær i Afrika i 56 år
Malla Moe i 1949. Ho hadde då vore misjonær i Afrika i 56 år
Gospelvogna fotografert i Tongaland i 1939
Gospelvogna fotografert i Tongaland i 1939
Susanna Lomheim Solem har skrive bok om den norskamerikanske misjonæren Malla Moe, ei fargerik, respektert, men òg omstridd kvinne frå Hafslo. I 1992 vart ho heidra i Swaziland ved å bli portrettert på to frimerke.

Petra Malene Moe vart fødd i 1863. 21 år gammal utvandra ho til USA, og slo seg ned i Chicago. I 1892 drog ho som misjonær til Swaziland i det sørlege Afrika gjennom Den Skandinaviske Alliansemisjonen. Bortsett frå eit par ferieturar til Noreg og Amerika, vart ho verande i Afrika fram til ho døydde i 1953.

Boka til Solem er ikkje den fyrste om den kjende hafslokvinna. I USA er det gjeve ut tre bøker om ho. Ei av dei kom i 1985 ut på norsk. I tillegg har Per Hilleren skrive ei bok om Malla.

Malla Moe heldt ved like kontakten med USA og gamlelandet ved ei omfattande brevskriving. Nedanfor har me skanna eit brev frå arkivet til Per Tang.

Les meir om Malla Moe i kulturhistorisk leksikon



Kjelde
SFF-89203 Tang, Per

Del artikkel

Del sida

Legg til kommentar

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Tillatne HTML-kodar: <h3> <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.

Meir informasjon om formatering

Når skjemaet vert sendt inn, aksepterer du samtidig Mollom sin privacy policy.

Kommentarar

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login